31.1.07

LOKALNYTT 5

Snøballkrig
Laurdagsnatta i 03-tida kom det melding til politiet om ein snøballkrig som oppstod utanfor Rokken i Volda. Det skal ha vore kring 80 personar samla i området. Meldinga som gjekk til politiet sa at det vart kasta snøball på folk som prøvde å forlate området etter at utestaden var stengd. Politiet var opptekne i anna ærend så dei rykte ikkje ut til hendinga.
Møre, 30.1.007

i dag har forresten foreldra mine vore i lag i ti år. mor mi feira dagen med å krølla seg saman i sofaen med eit vinglas og nokre gamle songbøker; far min resirkulerte nokre oppbrukte hermetikkboksar.

28.1.07

NAMN

det er berre to månader til mor mi har termin, så det er på tide å finna eit namn som passar. når me smalltalkar rundt middagsbordet omtalar me nestemann som nummer to, og sjølv om det er eit fint namn, går vel neppe namnekomiteen med på det. me tek difor mot framlegg, både gode og dårlege.

dei som ikkje har spesielt avansert fantasi, kan ta utgangspunkt i namnestatistikken til statistisk sentralbyrå. dei presenterte sist veke ei liste over dei ti mest brukte jente- og gutenamna i 2006. slik eg skjønar lista, er det berre teke med nye personar som har fått desse namna. det mest overraskande er at nora kjem med på lista, medan lerum ikkje gjer det. her har målfolket ein jobb å gjera.

denne helga har det ikkje skjedd så mykje. mor mi var på kaketur til nordmøre, medan far min og sat att med knekkebrøda våre. på føremiddagen i dag klemde eg ut ei tusensårsbleie, som me tok vare på og viste fram til mor mi då ho kom rekande med bussen i sekstida. ho var lite imponert.

24.1.07

VINTER

dagane går og kjem. eg har plukka opp nokre triks frå dei andre i barnehagen, og det viktigaste trikset så langt er morgontrikset. dei dagane eg skal i barnehagen søv eg som ein stokk så lenge eg kan, gjerne til eg er halvferdig med frukosten. dei dagane eg ikkje skal i barnehagen, derimot, vaknar eg gjerne i sekstida. skjønar eg foreldra mine rett, set dei pris på dette, då dei begge meiner at verda aldri tek seg betre ut enn laurdags- og sundagsmorgonar før klokka sju.

dei siste dagane har det kome mykje sno. her om dagen var far min og eg på skitur. eg sat i beremeis, medan han hadde beremeisen på seg. det gjekk bra, bortsett frå den gongen han ville finna ut om det gjekk an å koma seg opp att dersom han gjekk på trynet på ein så utkropen måte at skiene stod i v-stil, med begge skituppane ein halv meter ned i snoen. det gjekk an, viste det seg, og medan det heile gjekk an lærde eg nokre fleire gloser eg kan prøva ut på besto.

framfor stovevindauga vårt har me ein liten balkong. einaste gongen me viser oss der er på syttande mai, men balkongen er god å ha elles òg, sidan han hindrar at folk som går forbi på vegen kikar inn. problemkikkarane er dei to naboane tvers over vegen - me er ofte plaga med at dei går opp på loftet, sløkkjer ljoset, og kikar inn til oss, for å finna ut kva me held på med. alle hemmelege aktivitetar må difor gå føre seg maks ein halv meter over golvhøgd, men sidan rekkverket på balkongen no har ein førti centimeter høg snodott på toppen, kan me driva med hemmelege aktivitetar førti centimeter høgre enn til vanleg.

21.1.07

JORDSKJELV

ei ulukke kjem sjeldan åleine. berre tre dagar etter bispevisitasen fekk sunnmøre eit nytt spark bak: i ettermiddag kom det sterkaste jordskjelvet i umenneskelege tider. heime hjå oss gjorde skjelvet mest skade i vinglas-skapet til mor mi, slik at under møtet i vinsmakeklubben hennar i kveld må ein drikka rett av flaska.

eg har ikkje sjekka med barnehagen enno, men i og med at alle skular i heile usa vert stengde dersom det kjem nokre centimeter sno øvst i fjellheimen, reknar eg med at barnehagen vert stengd nokre dagar.

19.1.07

TELEFON

foreldra mine, dei gamle gniarane, har sagt opp fasttelefonen. viktigaste argumentet var visst at dei har gått tom for vener, og sidan berre to personar (besten og onkel A) brukte det abonnementet, sa dei det like godt opp, slik at dei kunne spara nokre tiarar kvar månad. berre for å understreka at det var lite interesse for det nummeret, venta dei med å kunngjera dette til nokon av dei to merka det. besten vann den tevlinga då han slo på tråden rundt klokka ti i føremiddag, nesten på timen éi veke etter at nummeret vart parkert.

dei har framleis mobilar, slik at alle som vil kan senda biletmeldingar som ikkje kan opnast, og har òg lagt inn breibandtelefon. både besten og onkel A har fått dette nummeret, bortsett frå onkel A.

18.1.07

BISPEN

i dag kom altså bispen innom i barnehagen. alle dritungane var nervøse, og me gjekk diverre på ein smell alt i fyrste songen ("reven rasker over isen"). stemninga vart difor litt stram, og bispen fann ut at han skulle løysa det heile opp ved å fortelja ei gåte: - kven er det som kastar seg frå tre til tre i jungelen, har lang hale, og er glad i bananer? ingen visste heilt kva dei skulle seia, så for å retta opp æra til barnehagen, og for å visa at all treninga ikkje har vore bortkasta, retta eg opp handa og sa: - vanlegvis ville eg trudd det var ein apekatt, men sidan det er du som spør, er det kanskje ein av dei tolv apostlane? bispen tok ikkje poenget. deretter var det kake og bollar og brus til alle som ville ha.

16.1.07

VISITAS

denne veka byrja dårleg. det viste seg at eg slettes ikkje var ferdig i barnehagen, men at eg skal gå der ei veke til. jaja - med fri fredagar er det berre snakk om fire dagar, så eg er alt halvferdig. barnehagelivet er ikkje mykje å skryta av: dårleg mat, dårlege leiker, og eit lass med dritungar som slit med diksjonen.

i går fann dei vaksne i barnehagen ut at me skal laga eit kor. på torsdag kjem nemlig den lokale bispen på visitas, og bispane er visst svært interesserte i dårleg diksjonerte barnekor. det er ei mager trøyst at det står like dårleg til med musikaliteten. bortsett frå dette er eg litt usikker på programmet for visitasen. eg veit ikkje eingong om bispen skal visitera, eller om han sjølv vert visitert.

eg snakka litt med ein av dei andre dritungane, forresten. han har gått i barnehagen sidan i haust, og fortel at bispen vanlegvis kikar innom ein gong kvar månad. dei som går i barnehagen på rotset, den einaste barnehagen i volda med utvida kristen føremålsparagraf, får besøk av bispen ein gong i veka. men så har dei òg eit ekstremt bra kor.

13.1.07

ROM

etter ei slitsam veke i barnehagen er eg endeleg ferdig med det tullet. mor mi og far min nytta tida godt medan eg var der, og innreidde rommet mitt omtrent slik eg hadde tenkt. som vanleg har dei ikkje akkurat spara på krutet. etter at biletet vart teke har forresten mor mi montert ein litt utkropen lampe. lampeskjermen har bilete av ein sjiraff, og roterer når lyset er kveikt, slik at eg i staden for å sova bruker heile natta til å kika på den roterande sjiraffen.

i dag kom det forresten litt sno. eg spurde far min om ikkje me kunne aka på akebrettet, men det passa visst dårleg.

10.1.07

LOKALNYTT 4

dei som er interesserte i fjerning av gule kranar, kan sjå denne filmen om fjerning av ein gul kran i brunsvika i kristiansund. filmen handlar om fjerninga av ein gul kran, og dersom du skrur på lyden, kan du høyra korleis den gule kranen skal fjernast.

9.1.07

MERKESTEIN #3

gamlevegen, 9. januar: for fyrste gong i livet greier eg å kasta ei tannkremtube så langt ned i do at det ikkje er anna å gjera enn å dra i snora. mor mi fekk dillo.

7.1.07

VANILJESAUS

den siste veka har det vore så mange storhendingar at eg ikkje har hatt tid til å rapportera. den fyrste storhendinga kom onsdag, då eg saman med mor mi tok turen til sollia barnehage, der eg skal få pottetrening og sosial trening dei neste fem-seks åra. så langt er eg like lite utlært på begge felta, men det kan henda at det går seg til. eg var der tre dagar sist veke, og desse dagane var ganske like: eg og eit lass med andre dritungar åt brødskiver med prim, leika med bilar, og kasta snøballar i friminuttet.

torsdag og fredag var far min og mor mi i ålesund for å høyra på ingebrigt steen jensen. han snakka om kor viktig det var at stabæk spelte semifinale i meisterligaen, og at han var klin galen. kvar gong nokon i salen hadde eit innspel var det "veeldig bra", same kor meiningslaust det var. steen jensen skreiv for nokre år sidan bestseljaren ona fyr, ei bok om eit fyr på ona. han hadde diverre ikkje med seg nok bøker til alle, men lova å senda ein kopi til alle som hadde møtt opp. korkje far min eller mor mi er spesielt interesserte i fyrhistorie (det nærmaste måtte vera at mor mi har eit relativt høgt forbruk av fyrstikker), slik at me om ikkje lenge, dersom steen jensen held ord, har to fyrbøker me kan gje vekk til dei som melder seg fyrst. dersom ingen melder seg, er det ikkje anna råd enn å gje dei vekk til jol. dei som vil gardera seg mot ei slik jolegåve, bør melda frå innan byrjinga av oktober.


medan foreldra mine var i ålesund, var besten og besto her, for å passa på at eg fekk i meg nok vaniljesaus.

4.1.07

LOKALNYTT 3

Inga feiring
Den 19. mars blir ikkje feira. Marit Krøkje
Inga feiring den 14. mars. Ikkje før, ikkje etter. Ragnhild Gaupar.
Fjuken, mars 2004.

1.1.07

NYTTÅRSFEIRING

feiringa av nyttår gjekk som vanleg etter planen, der det meste gjekk over alle støvleskaft. dei fyrste gjestane kom rekande i sjutida. mor mi hadde kokt middag og laga dessert, og då bordseta tok til, viste ho fram utskrift frå ei svensk nettside som hevda at gravide gjerne kan drikka til dei stuper, så lenge det ikkje vert ein vane. ho kasta seg difor over vinflaskene, medan me andre gjekk for lut og kaldt vatn.

ikkje uventa sovna far min i titida. me vekte han rundt midnatt, slik at han kunne skyta opp raketten han hadde kjøpt på nille for ein sleik og ingenting. deretter la han seg att, medan me andre åt kaker og fortalde tvilsame historier.