31.3.07

APRIL

av ein eller annan grunn går alle i heile verda rundt og gler seg til fyrste april. endeleg ein dag det er fritt fram for å lura andre. det er irrelevant om aprilspøkane er gode eller dårlege - alt som tel er å dra fram ei lite truverdig historie, før ein ropar "april" eller "aprilspøk" eller noko liknande, helst før dei andre i rommet har fått høve til å tenkja over kva som eigentleg var sagt. far min er ein kløppar til å koma på dårlege aprilspøkar.

eg er som vanleg lunken til heile opplegget. det er omtrent som med syttande mai - dersom det er slik stas å kle seg i bunad og vifta med flagg medan ein ropar "hurra", kvifor gjer ein det ikkje oftare? eg er heilt for å lura folk, men fattar ikkje kvifor dette skal avgrensast til den eine dagen i året når folk ser fram til å verta lurte. eg praktiserer difor ei ordning med fri kødd året rundt, bortsett frå den eine dagen i året alle andre gjer det. så dersom du kikar innom her fyrste april, på leit etter ein knakande god aprilspøk, er du på villspor. gå heller til ei eller anna nettavis, som sikkert kan melda noko retteleg overraskande.

29.3.07

BESTEN 3

det overraska vel ingen at det kom eit heilt fruktfat med framlegg til bestenbiletet sist veke. som vanleg går folk til verket med ulik innstilling - nokre kastar seg over tastaturet og tastar inn dei fyrste orda dei kjem på, medan andre kikar på biletet, tenkjer på det ein fem-seks dagar, før dei skriv inn eit framlegg som snedig nok minner om noko som kan ha vore dei fyrste orda dei kom på.

heller ikkje denne gongen har eg fullmakt til å kåra ein vinnar, men eg må likevel svara på det indirekte og uforståelege spørsmålet som dukka opp i eitt av framlegga. i nasjonalpostkassekåringar er det ikkje slik at ein deler ut plakettar til dei som til ei kvar tid ligg best om. ein ventar oftast med dette til kåringa er over, og slik er det også her.

biletet over er teke på 75-årsdagen til besten. ikkje uventa spanderte han ein runde bowling på besto. besto er ho med like god svingteknikk som kuppern. kva seier besten?

GEOGRAFI

medan eg går og ventar på at han med e skal dukka opp på påskeferie, ser eg ikkje anna råd enn å dra i gang endå ein gufføljetong. eg reknar sjølvsagt med at denne haustar like stor fagnad som alle dei andre.

denne gongen handlar det om geososiologi, som eg er rimeleg sikker på har noko å gjera med samrøret mellom sosiale kjenneteikn og geografiske område. alle meldingar i denne serien får same form, den einaste skilnaden er truleg at stadnamnet endrar seg frå gong til gong.

du veit at du er på sunnmøre når du les meldingar som denne: Det Tredje Rikets seierstog viser seg å være mindre heldig for det internasjonale avholdsarbeid.
Møre-Nytt (Ørsta), 2.6.1939

28.3.07

ISLAND

i går kveld kom heile staben rekande. som vanleg når mor mi er ekstra tjukk, inviterer ho alle ho arbeider saman med til ein fest, slik at ho kan drikka opp alle vinflaksene i barskåpet før ho tek til med amminga. sidan ho har termin på måndag, hasta det litt.

samlinga starta med at far min serverte ei heimelaga suppe, der dei viktigaste ingrediensane var bønner, linser og poteter. deretter tok han oppvasken. mor mi sat i ein krok og nippa vin og åt pottittgull, slik at det var fritt fram for gjestane. det gjekk i islandske nasjonalsongar, nytt på nytt-parodiar, gitarstemming og vassendgutane. så langt var det greitt, men då ein av gjestane hengde opp eit bilete av otto jespersen, vart det for mykje for far min og mor mi, som begge gjekk til sengs.

25.3.07

SNIKKAR

i dag gjekk far min tom for bortforklaringar, og måtte difor montera eit nytt skåp på rommet mitt. mange vil vita at han ikkje er spesielt vidarekomen når det gjeld handarbeid - det er ikkje tilfeldig at han tok ei teoretisk utdanning. når me tenkjer på kor veik han er teoretisk, seier det litt om kor lite utvikla dei praktiske evnene hans er.

eg er litt usikker på korleis eg skal få skåpet opp i lodd, men reknar med at eg kan baka nokre fleire smultringar. det er kanskje ikkje ei heilt optimal løysing, men skåpet vil i alle fall stå i stil med senga.

23.3.07

BESTEN 2

som venta kom det inn mange gode framlegg til "kva seier besten"-tevlinga sist veke. det er uråd å kåra ein vinnar, men eg må likevel streka under at det er litt skuffande at ingen foreslo "eg lurer på kva som skjer dersom eg dreg ut fingeren", eller "vanlegvis lobotomerer ein frå tinningen, men der er det så mykje hår at eg trur me får gå inn frå toppen".

dette biletet er teke omtrent akkurat etter at besten har lært meg alt han veit om dataspel. oppgåva er som vanleg - kva seier besten?

OSLO

etter fire dagar med prim hjå besten og besto, gjekk turen onsdag vidare til oslo. far min og eg var på ein lynvisitt, der me hadde møte med ikkje så reint få damer. me åt i tillegg middag saman med onkel T, der samtalen stort sett handla om kor mange bokhyller onkel A og tante M skal få til førtiårsdagane sine.

i går var det hakket før per ditlev-simonsen gav oss ein brosjyre for oslo-ol 2018.

til lesestoff på flyet kjøpte me med oss ei bok av jan stenmark. denne gongen var han ikkje i like god form gjennom heile boka, men når han er god, er han god. under eit gatebilete frå stockholm, som viser butikken handarbetets vänner, kjem teksten "Det är inte många som känner till det, men Fotarbetets Fiender var först". under eit bilete der noko har spreia ordet "dutt" på ein vegg, kjem teksten "Någon har tänkt skriva DRUTTEN, först stavat fel och sedan inte orkat fullfölja". og så vidare.

19.3.07

PRIM

akkurat no lever eg dagar lette hjå besten og besto. dei likar seg godt, dei òg, sidan begge får driva med det dei likar best: eg og besten tek daglege traktorturar - ned til riksvegen, og opp att. og besto diskar opp med både eitt og hitt. sidan det viste seg at eg berre var sånn middels interessert i ertestuing, prøvde ho med prim, og det viste seg visst at eg likar prim. så dei siste timane har primen fått fart på seg.

far min var her i helga, men reiste heim att for å få litt fred. mor mi har byrja på permisjonen sin, så ho ligg i sofaen og les eldgamle vekeblad. både natt til laurdag og natt til sundag var det omtrent som i gamle dagar. eg sneik meg opp i senga deira, og pressa meg inn mellom dei. som vanleg la eg meg på tvers. sidan gjestesenga hjå besten og besto er smalare enn senga heime, og sidan både far min og mor mi er tjukkare enn vanleg, nytta eg høvet til å få inn nokre fulltreffarar, kamuflerte som spastiske rykningar framme og bak.

15.3.07

BESTEN

sidan alt eg tek i vert til gull, nyttar eg i dag høvet til å dra i gang ein våraktivitet eg reknar med vert ein braksuksess: kva seier besten?

reglane er til å ta og føla på: eg legg ut eit nytt besten-bilete kvar fredag. alle som er innom internett står fritt til å senda inn framlegg til gode kommentarar. dei som har det beste framlegget kan rekna seg sjølv som vinnar


besten2 besten3 besten4 besten5 besten6 besten7 besten8 besten9 besten10 besten 11 besten 12 besten 13 besten 14 besten15 besten16 besten17 besten17(igjen!) besten18 besten19 besten20 besten21 besten22

12.3.07

ENGESET

no går det unna. etter at eg før jol var rimeleg kritisk til a) barnehagedekninga i volda, og b) utvekstane på hovudet til han barnehagen min er kalla opp etter, har det lokale barnehagestyret fatta alvoret. alt to veker før dei andre dritungane får vita kvar dei skal plasserast frå hausten av, har eg fått melding om at eg er forfremma til engeset barnehage. alle som er lokalkjende veit at det er ein klar framgang, både geografisk og fagleg. geografisk ligg engeset barnehage faktisk så tett opp til hagen vår at kvar gong mor mi spelar fotball, må ho over gjerdet til barnehagen for å henta ballen.

einaste bakdelen er at eg no må leggja om til jens kåre engeset-sveis.

11.3.07

TRAVELT

i ein kommentar til ei tidlegare melding spør frode kvifor mor mi er så passiv på bleieskiftinga. der er fleire grunnar til det.

den mest openberre grunnen er sjølvsagt at ho er travelt oppteken med valkampførebuingane, slik frode òg er inne på. venstre treng tida fram mot valet, dersom dei skal koma opp med overtydande forklaringar på kvifor partiet ikkje greidde å koma over sperregrensa.

men der er òg ein annan viktige grunn. eg er usikker på om dette gjeld heile landet, men i alle fall her på sunnmøre meiner folk at amming og vinsmaking ikkje høyrer saman. dersom ammande sit med eit glas vin på ein offentleg stad, går det ikkje mange timane før nokon har ringt til nærmaste lokalavis for å skjella ut desse vin-ammarane. mor mi har difor funne ut at ho ikkje vil gå ned i vinkjellaren etter at nummer to er fødd, i alle fall ikkje så lenge ho driv med amming. fram til fødselen gjeld det difor å pjaska i seg så mykje vin som råd, og mor mi er difor på farten kvar kveld, for å finna ein fest der det vert servert store mengder vin. fredag kveld var ho på fest langt inne i åmdalen; i går kveld sneik ho seg med på styremøte i den lokale jazzklubben. ho kom berre heim ein snartur for å sjå "med hjartet på rette staden", før ho forsvann ut att. heldigvis er det berre to veker til termin.

10.3.07

REKORD

i dag var eg godt nøgd då eg tok kveld.

1. omtrent rett etter at me stod opp, skifta far min bleie på meg. medan han var ein runde bortom vasken for å vaska hendene, såg eg mitt snitt til å senda ut ein skvett piss. sjølv om han stod nesten ein meter unna meg, fekk eg inn eit kvalifisert treff på leggen hans. sidan det ikkje er lett å pissa så langt framover når ein ligg på rygg, er dette truleg noko av det eg er mest nøgd med så langt i livet.

2. far min har for vane å la meg springa litt rundt på badet om morgonen, medan han reinskar halsen, og skolar vekk det verste grumset frå augene. medan han stod med ryggen til, travelt oppteken med desse to krevjande gjeremåla, var det ikkje anna råd enn å gå bort til han og pissa ein ny skvett på same leggen hans.

3. seinare på dagen greidde eg å klina litt nyprodusert drit inn på buksebeinet hans. her trur eg det er best at eg ikkje går i detaljar.

så far min hadde ein ny drøymedag. den einaste i heile verda som hadde ein verre dag var besto, som fyrst måtte vera vitne til at avløysaren herpa silotalja, før ho køyrde bilen ut på storevegen og punkterte.

7.3.07

STORPOLITIKK

endeleg har nokon i familien teke storpolitisk ansvar, og ikkje uventa er det mor mi. etter mange år som politisk moldvarp tek ho no steget ut i rampeljoset, og stiller som kommunestyrekandidat for venstre. at ho satsar på venstre er ikkje noko stor bombe. ho har lenge vore svak for partileiaren deira, og har ved minst to høve uttalt at ho godt kunne tenkja seg å røysta på han, hadde det ikkje vore for at ho røysta på eit anna parti.

vegen til venstrelista har vore lang og tung. ho er faktisk litt usikker på kvar venstreleiinga i kommunen har plukka opp at ho er interessert, men reknar med at den solide innsatsen i 17.mai-nemnda var viktig. det kan heller ikkje vera noko minus at ho snart skal ut i ein lengre svangerskapspermisjon, slik at lokalpartiet må finna ein varamann til kvart einaste kommunestyremøte.

formannen i lokallaget, jens johansen, vil helst ikkje meina noko om dette.

5.3.07

NETTMØTE

nettmøtet med dei to norske oscarvinnarane så langt, thor heyerdahl og tante k, er pikerten alt slutt. her er svara og spørsmåla:

Er ikkje Thor heyerdahl død likevel? Helsing onklt.
tante k: Thor Heyerdahl var aldri død. Han hadde bare tatt seg en tur, på en bittebitteliten flåte. Derfor kunne vi ikke finne han igjen. Hilsen tante k.
thor heyerdahl: -

Spørsmål til tante K: Du var òg Oscar-nominert i 2002, for filmen "Min bestefar gjette kongens harer". Føler du at du med den nye filmen har teke eit steg vekk frå det Ivo Caprino-stempelet du fekk i 2002? Helsing far min.
tante k: Jeg er redd vi aldri kan bli kvitt Caprino stempelet. Vi har jo fått det inn med morsmelka. Det blir akkurat som å bli født med ski på beina. Født med caprinostempelet....


Kva meiner Thor Heyerdahl om dei bosniske pyramidane? http://www.bosnianpyramids.org/ Helsing Magnus
thor heyerdahl: -
tante k: De bosniske pyramidene tror jeg bare er en hype. Nå har de ikke krigen lengre, så de tenkte de skulle finne på noe for å få oppmerksomhet. Kan du tenke deg pyramider i Bosnia? Hva er det for noe vrøvl?

Trur du dette vil auke sjansane for å få barnehageplass til Jostein? Helsing Kukola.
tante k: Jostein er nok fortapt. Nå begynner det å bli fullt på skolen han skal starte på om 4 år og, så jeg tviler på at han får plass der og. Det blir nok mye sulling heime hjå mor på han
thor heyerdahl: -

Spørsmål til tante t: Kven er tante k? Helsing Frode
tante t: -
thor heyerdahl: -
tante k (sidan tante t ikkje svarar): Tante k er hun som er samboer med onkel k. Han litt lange som begynner å miste litt hår. Han som kommer fra Helleve.

Spørsmål til tante K: Er det grammatisk korrekt å seie "You know who you are and I know you who are" i takketalen? Helsing Mor
tante k: Korrekt og korrekt. Det kan jo være at det er sånn i Canada? Du vet fransk påvirkning?

Spørsmål til tante K, viss ho er den eg trur ho er: Kven er Oscar? Helsing Frode
tante k: Oscar er min onkel. Han som er ubåtkaptein og bor i Bergen. Han er pensjonist nå altså.

Kva slags støtteapparat har du rundt deg no, Heyerdahl? Det må då vere meir enn ein gåstol? Helsing Sam.
thor heyerdahl: -
tante k: Kanskje mer prekestol eller gyngestol? Jeg er jo lett som en fjær så jeg trenger vel bare en kvist.

takk til alle som sende inn spørsmål, og til tante k og thor heyerdahl som tok utfordringa. og for så vidt til tante t.

2.3.07

HÅNDBAK

i dag var det klart for den årlege håndbak-duellen. far min og eg på kvar vår side av bordet, mor mi tel til tre, og me klemmer til det me kan. eg skal vel ikkje stikka under ein stol at også i år vann far min relativt klart, men eg har ei kjensle av at det var hakket jamnare enn i fjor. han vert nok favoritt også til neste år, men om ein tre-fire år trur eg dette kan verta retteleg spanande.