30.12.07

REKLAMASJON

her er me på plass igjen, etter ei veke hjå besto og besten. det vart lite blogging der, sidan datamaskina til besto og besten har så mange merkelege idear. det går greitt å leggja inn kommentarar, men å skriva nye bloggeinnlegg er komplett uråd. eg reknar med at viktigaste grunnen til dette er at besten er redd for at besto skal laga sin eigen blogg.

jaja, jola er over, og det var ikkje rare greiene. her var det kalla inn til homojol, noko mange av oss sjølvsagt såg fram til. men fekk me det? nja. for vår del opna det relativt bra. me vart plasserte på det rosa rommet, men bortsett frå det var det få lyspunkt. eventuelle homodyslektikarar kunne gle seg over anisbollane besto serverte vesle jolafta, men det var og alt. alt me sat att med var difor kaker, gåver, og eit trekanta joletre - me snakkar altså om ein av dei traustaste jolevariantane som finst.

17.12.07

GUFFEFILM 5


det er nye tider i filmbransjen. dei gamle heltane vert ofra, for at yngre krefter skal sleppa til. slik gjekk det med james bond, slik gjekk det med olsen-banden, slik gjekk det med king kong, og slik går det no med guffefilmane. den nye skodespelaren i hovudrolla er ikkje heilt utlært enno, men så lenge det er liv, er det von.

11.12.07

JOL

i dag ringde besto og sa at no er ho ebrre 3-4 jolekakesortar frå den personlege rekorden på 41. dei fleste veit at rekorden er litt kontroversiell, sidan ho det året laga tolv ulike sortar sandkaker, men viss ho no har runda 35, skulle det vera duka for ei god jol. eg reknar med at ho også dette året satsar på å laga litt ekstra, slik at dei som skal vidare til andre bester er sikra eit rikt utval.

far min er ferdig med sin del av joleførebuingane - det er stort sett snakk om å gå inn på tronsmo og kjøpa ei bok til onkel t. mor mi, derimot, er ikkje halvferdig enno. nokre gåver er innkjøpte, men det som uroar ho mest er at ho ikkje har fått skipa til noko retteleg jolekortverkstad så langt. ingen har tid når ho har tid, og alle veit jo at det tristaste som finst er å sitja heilt for seg sjølv og høyra på p4s julefavoritter, samstundes som ein nippar til litt lunka gløgg og lagar jolekort. heldigvis har ho fått ferdig peparkakehuset; med litt flaks får ho òg dekorert det før jol.

sjølv går eg rundt og gler meg til homojola. eg er litt usikker på kva som vert dei viktigaste ingrediensane, men reknar med at besten og besto har nokre knep på lur. i alle fall har far min planar om å flytta gamlevegen filmklubb til nordmøre i jola, slik at me kan unngå både roald øyen og den spanske flua, og i staden sjå nokre gode homofilmar. kom gjerne med framlegg her.

6.12.07

PLAGIAT

no er det hakket før eg vert forbanna. det er i og for seg ikkje så uvanleg i adventstida, sidan det er vanskeleg å finna periodar der folk opptrer meir tankelaust, men akkurat denne gongen handlar det om noko heilt anna.

eg tok ein liten runde innom nettet, for å finna nokre nye guffalikes til menyen til høgre. der dukka som vanleg opp nokre godbitar.dei som lurer på korleis frode ser ut får ein rimeleg god idé når dei klikkar på lusekufteguffen. men den nettsida som irriterer mest, er denne. ein ting er at dei har gjort sitt beste for å kopiera utforming og nettadresse frå guffebloggen, ein annan ting er at heller ikkje dei har noko på hjarta. det er altså reinhekla plagiat.

5.12.07

GEOMETRI

me er inne i ein god geometrisk stim på guffebloggen for tida. berre dagar etter at me skreiv at besten er glad i firkanta joletre, har det no dukka opp ein geometrisk kuriositet i nabolaget. ein lokal gravemaskinist fann ei steinblokk med eit sjustjerna hol i. det seier seg sjølv at dette ikkje er eit naturleg hol, då alle naturlege hol er firkanta, og ikkje uventa har mange spurd seg kva dette kan vera. som vanleg er det dei største humoristane som har dei beste framlegga. reite er ein lokal komikar som tidlegare har samarbeidd med kristoffer schau.

viss reite har rett, er det sjølvsagt ikkje noko merkeleg i at dette holet vert plassert like ved ferjekaien i volda. ein skal reisa langt for å finna eit område der det vert synda meir, og sidan holet er så ekstremt stort, vil jo mange av dei som køyrer i land frå ferja sjå holet, og per omgåande ta kontakt med reite.

sjølv trur eg at det er asbjørnsen og moe som står bak dette holet. alle veit at sju-talet går att i folkeeventyra, tenk berre på dei sju pannekakene i eventyret om pannekaka, dei sju gode hjelparane til oskefisen, den sju meter lange brua i eventyret om bukkane bruse, dei sju trolla på heidalsskogen, dei sju sure ostane frå åmdalen, eller mannen som skulle stella heime. kvifor asbjørnsen og moe har plassert dette holet akkurat her, kjem nok av at dei kjende på seg at det skulle vera slik.

2.12.07

BESTEN 19

det er fyrste sundag i advent. besten tek som vanleg ingen sjansar, og tek med seg nokre av dei mest dugande biotopane i slekta på ein prøverunde i skogen, for å sjå etter høvelege joletre. som vanleg stiller han ikkje andre krav til trea enn at dei bør vera nokolunde trekanta. dei finn eit passande tre, og besten seier at dette skal han henta når det stundar mot jol. tre veker seinare har han gløymt kva for tre det var snakk om, og finn i staden eit firkanta tre som står på eigedomen til naboen.

biletet over er frå prøverunden i fjor, og spørsmålet er som vanleg: kva seier besten?