22.1.08

FILEFJELL

rundturen held fram. etter ei veke og vel så det med base hjå besten og besto, har me no flytta oss til oslo. her går det meste av tida med til å planleggja vinterfestveka. programmet er i grove trekk klart, men sidan dei fleste slit med å finna ut om dei skal melda seg på eller av, er det ikkje gjort i ei handvending å fordela romma.

hjå besten og besto gjekk det meste på autopilot. det einaste nye elementet var plommesyltetyet til besto - ho hadde prøvd ut ei ny oppskrift, der ein under kokinga såvidt har litt frosen tomatsuppe nedi. når ein fjernar denne suppa, bør det liggja att litt makaroni histen og pisten. elles var veret dårleg og varmegradene mange, slik at det vart lite akebretting.

det vart det heller ikkje på filefjell, sjølv om snoen låg tett. far min og mor mi køyrde rake vegen over, sidan det for ein gongs skuld hasta med å koma til oslo. her har me alt vore nokre dagar, og som vanleg låner me eit husvere med til dels dårleg proporsjonalitet mellom cd-ar og dopapir.

11.1.08

ROMA

i roma gjekk det meste etter planen. me åt mykje dårleg pizza, hadde altfor mykje på programmet, mor mi var innom alle veske- og skobutikkane i byen, me prøvde nokre nye og velsmakande is-sortar, me såg på ein del steinrøyser, me hadde kappdrikking av pærejus, me snakka normert landsmål kvar gong me kom i kontakt med dei innfødde, me såg lite til paven, og me fekk friska opp den gode samtalen.

likevel var der nokre samtalar som ikkje vart så gode som me hadde von om. far min har lenge lurt om uttrykket "alle vegar fører til rom" handlar om den italienske hovudstaden eller om stover eller kjøken. omvisaren på kolosseum var ein klar kandidat til å svara på dette, sidan han verka over middels kunnskapslaus, men han gløymde diverre å ta pausar dei tre kvartera han heldt på, slik at me ikkje vart så mykje klokare. av same grunn veit me ikkje om det stemmer at roma ikkje vart bygd på éin dag. me kan ferie.

no er me nokre dagar på voss, der me mellom anna skal ha ein del forretningsmøte med aktørar som kan visa seg å verta sentrale under den planlagde flyttinga. foreldra mine har framleis tru på at det let seg gjera å pussa opp eit hus frå gamle dagar, og tidleg i februar kjem me til å lysa ut ei arkitekt-tevling for dette huset. det er fullt mogeleg å senda inn framlegg alt no - huset har ei grunnflate på 12x6 meter, og går over to høgder, i tillegg til potetkjellaren, som mor mi alt har gjort om til kombinert pottittgull- og vinkjellar.

6.1.08

GIFTING

i morgon tidleg reiser me altså til roma, der me skal vera nokre dagar. på ein eller annan måte har altså frode fått snusen i kva som skal skje. far min fridde til mor mi på 38-årsdagen hennar tidleg i november, men ingen har funne det ut før no. ein av grunnane kan sjølvsagt vera at han gav henne ein spesiallaga ring av pottittgull, så det tok ikkje lange stunda før den var oppeten.

dei prøvde fyrst å få audiens hjå paven, men det viser seg at det ikkje let seg gjera. i staden har dei avtale med ein tamburmajor frå sveitsargarden. han har teke mot ein uhøveleg stor pengesum under bordet, og låner difor med seg ein av pavehattane til ein seremoni bak meieriet i vatikanet. der kjem tamburmajoren til å snakka utydeleg latin medan han teiknar noko som minner om eit kors, men som like gjerne kan vera ein støvsugar, i lufta. (behovet for å låna ein rar hatt er rett nok ikkje så stort når du er med i sveitsargarden, men han insisterte.)

sjølv er eg rimeleg lunken til det heile, og skjønar ikkje heilt vitsen med å gifta seg. all ordbruken rundt prosessen burde få det til å kima i klokkene hjå dei fleste. kvifor heiter det til dømes å fri, når resultatet er at begge to misser den vesle fridomen dei hadde? kvifor heiter det ekteskap - er ikkje ikea-skapa mor mi samlar på ekte nok? og kan det vera tilfeldig at det sentralaste ordet er gift? som om ikkje dette var nok, viser jo statistikken at det er dømt til å gå gale. rundt helvta av alle som giftar seg vert jo skilde. det vil seia at anten mor mi eller far min vert skilde, og det må jo vera rimeleg trist for han eller ho som sit att og er gift heilt åleine.

4.1.08

BESTEN 20

i morgon reiser me til syden. fyrst nokre dagar hjå besten og besto, deretter nokre dagar i roma. eg er litt usikker på poenget med all denne reisinga, men det har visst noko å gjera med at begge foreldra mine har permisjon, og mor mi vert heilt vitskremd viss me ikkje kjem oss vekk frå gamlevegen snarast råd.

hjå besten og besto reknar eg med at me får på plass nokre nye bestenbilete. me har sjølvsagt mange å ta av, men det kan vera greitt å ha nokre ferske bilete av og til. slik er tilfellet i dag - biletet er over er frå feiringa av homojola i fjor. spørsmålet er som vanleg: kva seier besten?