31.1.10

VINTER

eg er ikkje sikker på om dette er meg, men viss det er meg, er eg truleg for redusert til å vita det, slik at eg ser ikkje vekk frå at det er meg.

27.1.10

RAUDVIN

den pålitelege lokalavisa hordaland kunne i går melda at i 2009 var det ein markant auke i salet av vin på det lokale vinmonopolet.

mor mi, som flytta til voss hausten 2008, har så langt ikkje kommentert denne meldinga.

20.1.10

iNYTT

det er travle tider i downloadingbransjen i kvitahuset. både mor mi og far min har kjøpt seg noko som heiter noko på i, og flyttar musikk dei elles aldri høyrer på frå cd-samlinga til desse nye apparata. det går utover det meste elles i huset - det er tre dagar sidan me fekk middag, og oppvasken har stått roleg omtrent like lenge.

dei siste som vaska opp var nokre vitjarar frå austlandet. dei tok tog hit, og togreisa tok så lang tid at det diverre ikkje vart tid til noko anna enn å sjå rådgjevarkontoret til mor mi, drikka ein dobbel macchiato to go, klatra litt på garasjetaket, og eta litt pottittgull og drikka litt raudvin. diverre var ikkje toget deira heimatt forseinka, slik at det vart ståande att ikkje så reint få brukte glas.

av anna nytt kan me melda om at besten og besto i dag har kasta ut det slagskipet av ein fryseboks som har stått i kjellaren i brunahuset. fryseboksen er ein electrolux maxi, ca 25 000 liter stor, og står no til spott og spe utanfor kjellardøra. naboane stilte mannssterke, og bra var det.

11.1.10

KALDT

det har vore heller kjøleg dei siste dagane, til og med far min har funne fram stillongsen. til alt hell har besten, på heller eige initiativ, lagt seg til ein vane der han kvar ettermiddag fyrer opp i omnen i kvitahuset. det gjer det heile meir leveleg for opptil fleire av oss.

ikkje uventa er mor mi den som slit mest med kuldegradene. verst av alt er det dei gongene ho må ta turen ned i kjellaren. vekedagane går det greitt, då går ho på do medan ho er på "arbeid", men i helgene er det ingen veg utanom. dei korte turane dit gjev inntrykk, og ho har no teke i bruk eit av dei sterkaste verkemidla som finst i samfunnet i dag, og har oppretta ei facebook-gruppe. dermed skulle det problemet vera ute av verda.

4.1.10

NYTTÅR

dette er kanskje den aller verste dagen i året. ein kan knapt visa seg utan at ein eller annan kjem opp til deg og seier 'godt nytt år'. alle skjønar vel at ei slik helsing ikkje påverkar året som kjem? og viss ein seier det berre av di ein vil verka sympatisk, eller interessert, eller begge delar - kvifor seier ein ikkje då 'god tur' når nokon skal ut på tur? eller 'god appetitt' når ein set seg til bords? eller 'god natt' når ein skal leggja seg? verda er merkeleg, og det går galne vegen.

jola var som vanleg ei vanleg oppleving, men me fekk køyrt ein del bil, langs den vante ruta på vestlandet. i nord var det stor stemning og mykje mat, slik det oftast er. me leika i snoen, og gjekk litt på ski, og tok like godt ein tur eit badeland ved atlanterhavsvegen, slik at onkel A og tante B kunne læra oss litt om korleis me skal stela symjebriller frå små ungar.

i nyehuset til besten og besto var det så varmt at det ikkje gjekk av å få sova. både eg og halv ellevo prøvde etter beste evne, men det var aldeles uråd. då var det godt å koma heim til kvitahuset, der det er litt dårlegare stelt med varmegradene. kvelden me kom att la me saman varmegradene i alle roma, og kom likevel ikkje opp på temperaturen besten har i stova si.