30.4.10

MÅNDAG 3. JULI

Stod seint opp. Åt. Var med til ein sykkelreparatør. Var på "the grocery store". Åt lunsj. (Tørre ostesmørbrød). Sat berre her. Middag: Mexikansk "Hotfood". Ikkje så godt. Kino: Batman $ 1,75. Micahel Nolan for igjen. (Forklaring)

---
guffemerknad: dette får jo feriane mine til å verka innhaldsrike. og eg minner om at tante B stiller til nettmøte etter at denne refereringa er over. send gjerne inn spørsmål alt no.

tysdag 4. juli

29.4.10

SUNDAG 2. JULI

Opp ved telefonvekking kl. 1/2 7. Skulle fraktast til flyplassen 1/2 8. Også det forsinka. Nervøst. Trudde vi måtte stå i "slingom-slangom". Men, rakk flyet likevel. Flybytte i St. Louis. Ein time venting. Mindre fly til Minneapolis. Carolyn henta oss. John var i militæret. Hadde visst vore amper stemning tidlegare i veka. For på Lip Synch konsert i ein parl. Åt la Sagne + is. Ga presang. Molteglaset var knusa over alle kleda mine.

- - -
guffemerknad: dramatikken held fram. typisk slekta til mor mi å ta med molter på utanlandsturar. og dette er truleg fyrste gong uttrykket "slingom-slangom" er brukt på internett.

måndag 3. juli

28.4.10

LAURDAG 1. JULI

Kom til Oslo kl. 7. Ingrid + Isak henta. Fint ver. Til Fornebu. Åt rundstykkke + wienerbrød etc. Møtte Ingeborg Djupvik som også skulle ta det flyet. (Men til Houston, Texas.) Ringte heim. Flyet forsinka. Vi fekk sette ved enden av midtrada. Såg ingenting. Litt "surt". Forsinka også i Stockholm. Kom fram til New York etter ein lang tur kl. 1/2 5. (Norsk tid 1/2 11) Måtte stå i ei uendeleg lang toll-kø. Alle var ganske nervøse og sinte. Visste ikkje heilt kva vi skulle gjere. Grining. Vi vart sendt til Hilton Hotell JFK. Kom dit i 6-tida. Ei norsk ei, Elisabeth + nokre svenskar. Gjekk og la oss. Dei andre for på 3timars rundtur i New York (30 dollar). Carolyn ringte.

---
guffemerknad: her vart det litt meir dramatisk, ja, med forseinka fly og greier. merkeleg at mor mi, som ikkje er spesielt vidarekomen matematisk sett, strør om seg med plussar i aust og vest. Kva er dette?

Sundag 2. juli

27.4.10

FREDAG 30. JUNI

Avreise frå Batnfj. kl 9. Buss til Åndalsnes. Nattoget til Oslo. Trudde først vi måtte sitte feil veg, men flytta oss etter ei stund.

- - -

guffemerknad: ok, det skjedde visst ikkje så mykje denne fyrste dagen, men det kan koma av at dei ikkje reiste heimefrå før klokka ni om kvelden. her er det viktig å leggja merke til at dei to ungjentene som reiser alt har fått denne pensjonistfrykta for å sitja bak-fram på toget. truleg kan ein alt her sjå spor av interessa mor mi har for pensjonistferiar. Forklaring på kva dette er.

Laurdag 1. juli

26.4.10

REISING

det er vel dags for ein ny føljetong på guffebloggen. til liks med andre gode føljetongar er denne eit resultat av at eg snoka litt i bokhyllene til foreldra mine. her om dagen kom eg over ei dagbok mor mi skreiv då ho var ein snartur til usa sommaren 1989. i denne dagboka, som er ført inn i ei ekslusiv holly hobbie-notisbok, er det ikkje måte på kor kritisk referenten er. diverre står det ingenting om heimreisa, men før me kjem så langt skjer det så mykje at det skal noko til om nokon saknar heimreisedetaljar.

mor mi reiste sjølvsagt ikkje åleine, ho hadde selskap av tante B. ho stiller til nettmøte etter at refereringa er over, altså om rundt fjorten dagar. det er fritt fram for å senda inn spørsmål alt no.

21.4.10

ELEKTRISITET

trugne lesarar minnest sikkert at det er under to år sidan me, strålande av glede, flytta frå sunnmøre. huset me flytta inn i i tjukkebygdi hadde (og har) sine manglar, men besten lova at han personleg skulle retta opp feil etter kvart som dei dukka opp. han rekna det som lite sannsynleg, sidan han hadde sett over det meste av huset, utan å finna feil. me rekna sjølvsagt med at besten snakka sant, slik han av og til har for vane, men den siste veka har det dukka opp eitt og hitt som tyder på at han kan ta seg ein bolle.

eitt: denne eksemplariske koplinga, mellom ein raud skøyteleidning og ein klassisk kvit leidning, hadde besten gått god for. svimerka på austsida tyder på at her kunne det gått til pisis.
hitt: denne stikkontakten hadde besten eigenhendig limt opp på veggen. svimerka i nordaust tyder på at det også her kunne gått til pisis.

15.4.10

3

det går visst framover med ti på tolvo. tidlegare denne veka feira ho treårsdagen sin, og inviterte opptil fleire gjestar frå nær. alle møtte opp, og stemninga stod i taket. i alle fall heilt til ein av gjestane fann det for godt å gjera i buksa. då måtte brått alle reisa heim att.

fyrste blomen han er komen, og då er me jo ute heile dagen, sjølvsagt. me ættar trass alt frå mor vår. i går meinte ho at me burde leika gøymsel, sidan det er ein leik som høver godt i hagen. biletet over viser kvar ti på tolvo gøymde seg, gong etter gong.

og som om ikkje det var nok, går me no rundt og kosar oss fordi all flytrafikk er nedlagt. no kan dei ha det så godt, dei nepene som absolutt skal fly histen og pisten.

4.4.10

GUFFEFILM 9


video

alle familiar har sine eigne påsketradisjonar. dei mest rutinerte taklar dette bra; dei ferskaste kan slita litt. kvar einaste kveld i påskeveka kom besten dragande med lysbileteframvisaren sin, bretta ut lerretet, og viste fram nokre usorterte og assorterte godbitar. dei fleste nytta høvet til å kvila ut etter ein hard dag, men for dei yngste vart det altså litt i meste laget.

filmen over viser korleis halv tolvo reagerte då besten for sjette dag på rad varsla at no er det kort tid att før han er klar med nye lysbilete.

1.4.10

SKI

me prøver å halda oss inne med dei nasjonale tradisjonane, sjølv om det held hardt for dei fleste av oss. no i påskeveka har me kutta ut kvikklunsjen og appelsinene, men slit framleis med både skigåing og påskekrim på fjernsynet.

på skiturane har me hatt selskap av nokre slektningar som kom rekande frå oslo. desse har ei litt anna haldning til det meste. det går stort sett greitt, me er jo kjent som ein open og tidvis fordomsfri familie. likevel går det ei grense for kva me kan finna oss i. kva i alle dagar er vitsen med å høyra på musikk når ein er på skitur? er ikkje poenget å høyra skogens ro? koko.

då me kom heim åt me dagsgamle vaflar og drakk lunka saft.