31.8.06

HUNDAR

i går kveld hende noko aldeles uforståeleg. mor mi, som er den i familien med flest trivialitetar i minnet, skulle briljera med eit hundenamn på kvar bokstav i alfabetet. ho kom ikkje lenger enn f (alsassian, buhund, chin-chow, dachs, engelsk fårehund, fårehund) før ho gav opp. kan nokon hjelpa ho, eller finst det ikkje hundar på g? ho gjekk forresten på ein smell på h òg. far min godkjende framlegget "hund", men eg meinte at det vart for generelt. heller ikkje framlegget på l, langbein, kunne godkjennast, sidan det er ålment kjent at langbein er ein okse.

resten av verda er travelt opptekne med andre storhendingar, som at west ham har kjøpt to argentinske spelarar frå vinnarlaget i fotball-vm i sommar, vivas og macchiato. dette lovar bra før fyrste runde i uefa-cupen.

5 kommentarer:

  1. Eg trudde Macciato var to go?

    SvarSlett
  2. Her er den komplette lista:

    afghansk mynde
    boxer
    collie
    dvergschnauser
    elghund
    flat coated retriever
    Greyhound
    haldenstøver
    irsk setter
    jakthund
    karelsk bjørnehund
    labrador
    mastiff
    new foundlander
    ovnsrøyr
    papillon
    q (finst ikkje)
    rottweiler
    st. bernhardshund
    terrier (skotsk)
    ungarsk vizla
    vestsibirsk laika (russisk)
    welsh corgi
    xiang dog
    yorkshire terrier
    zilend terrier
    ærhund
    østeriksk pinscher
    ålandsk elghund

    Klaus er okse, langbein er hund

    SvarSlett
  3. Golden retriever!!!
    - Oddny og Rune

    SvarSlett
  4. mor mi seier at ho hadde faktisk eit framlegg på g - grand'a noir. men alle veit jo at det er ein song med vamp.

    dersom langbein var ein hund, ville det stilla mikke i eit merkeleg lys. den beste kameraten hans er ein hund, samstundes som han let ein annan hund bu i eit hus i hagen? eller er ikkje pluto ein hund lengre, etter den astronautkonferansen sist veke? og klaus er ein hest.

    dei som framleis sit åleine når dei surfar på nettet, kan framleis koma med kommentarar, forresten, trass i denne merkelege og uventa bylgja av par-kommentatorar.

    SvarSlett
  5. Klaus Knegg ein okse? Høyrt på maken.

    SvarSlett