mor mi har trilla ut alt ho treng til joleverkstaden, og sikrare teikn på at jola nærmar seg finst ikkje her i huset. det einaste måtte vera dei gongene ho finn fram omslaget til CD-en No e D.D.E. jul igjen, og kikar på det ein halvtime eller to.
det er visst duka for nordmørsjol igjen. eg har ikkje høyrt noko om kva som skal vera tema i år, så eg går ut frå at det ikkje er fastsett enno. det er altså fritt fram for å koma med gode framlegg. sjølv har eg berre vore med på éi nordmørsjol, i 2005, og då var temaet lys og varme. far min var med på nordmørsjol både i 2003, då temaet var lys og varme, og i 2001, då temaet var lys og varme. mor mi seier at ho har gjort sitt beste for å gløyma jolene på 1900-talet, men ser ikkje vekk frå at temaet kan ha vore lys og varme då òg.
relativt få av nordmørsjol-deltakarane er spesielt aktive kommentatorar, så skal det verta nokon fart i dette ordskiftet er det fare for at dei som feirar jol på andre kantar av landet må koma med framlegg.
Eg foreslår mørke og kulde.
SvarSlettEg føreslår homojul
SvarSlettGjekk du ikkje Hallovin i går? Du kunne vel ha take med deg far din? Skulle ikkje ta lang tid å kle ut han.
SvarSlettdet skal ikkje mykje til, nei, men det er jo eit problem å finna supermann-drakter som er romslege nok rundt midten.
SvarSlett