i dag vakna eg av ein eller annan salutt i sju-tida, og det tyder vanlegvis det same: eg og mor mi skal ut for å eta is og gå i tog og ropa hurra for alle kirgssiglarane. eg er berre sånn middels interessert, men så lenge mor mi kan lokka med svære mengder sjokoladeis, er eg rimeleg lett å be. fem på femmo har friare tøylar, og gjer som vanleg nett som ho vil. ho får difor ein drøymedag i boblebadet, med speedmetall og halvgode bøker.i ein tidlegare kommentar nemnde eg forresten noko om komaden barnedåpar. eg har visst gløymt å fortelja at det har dukka opp to nye syskenborn i oslo. for ein gongs skuld har foreldra funne ut at dei ikkje bør heita jon, men av omsyn til personvernet er det greiast å bruka jon-namnet også her. to nye jonar i oslo, altså. lukke til, og til lukke.
Kva gjorde far din på 17. mai?
SvarSlettfar min? kven er det?
SvarSlettPostmannen.
SvarSlettgjorde postmannen noko på 17. mai?
SvarSlettGjekk i tog med mor di.
SvarSlett!http://farm3.static.flickr.com/2323/2513792110_b657e8d644_o.jpg!
SvarSlettHm. Det gjekk ikkje.
SvarSlett