1.5.09

TOG

som vanleg høgtida me fyrste mai med å marsjera litt. i dag var besten med, og me marsjerte ein liten tur i skogen. fem over halv åtto såg litt færre dyr i dag, men såg i alle fall restar av avføringa til ein tiger.

omtrent halvveges i ein vel fortent matpause drog besten fram ein tollekniv han kjøpte på butikken til mora-nisse på slutten av syttiåra, reiv ned ei halvgamal selje, og trylla fram litt ulike instrument. me marsjerte litt til, medan me spelte 'internasjonalen' etter beste evne.

besto var ikkje med på marsjeringa. ho fann i staden fram nokre reine klede som ho hengde ut på turkestativet, slik at alle naboane som køyrde att og fram med traktor ikkje skulle mistenkja ho for å sympatisera.

24 kommentarer:

  1. vi flagga og spreidde møk, for å syne alle at vi både har budd lenge i byen, samstundes som vi er ein del av bygda.

    SvarSlett
  2. Viss de brukte flagget til å spreia møk, er det ein kanonidé me kjem til å vidareføra.

    SvarSlett
  3. I går vart eg presentert for ei kvinne som viste seg å vera lesar av guffebloggen. Det skjedde framanfor Parkteateret i Oslo.

    SvarSlett
  4. Berre flagg og møk, der og.

    SvarSlett
  5. Ikkje berre.

    SvarSlett
  6. hm. viss kvinner les guffebloggen, bør eg kanskje leggja om til rosa dekor langs kantane.

    SvarSlett
  7. hm. kanskje dei kvinnelege lesarar kan dra seg til pisis.

    SvarSlett
  8. Ein kvinneleg lesar av guffebloggen3/5/09 07:00

    No vart det litt for rosa sjølv for meg.

    SvarSlett
  9. yeah right. ein kvinneleg guffeblogglesar som står opp klokka sju på ein sundag. nice try, frode.

    SvarSlett
  10. Eg les det som eit spark til KrF. Dessutan er det lett å sjå bileta på denne måten.

    SvarSlett
  11. hm. viss krf les guffebloggen, bør eg kanskje leggja inn nokre læresveinar langs kantane.

    SvarSlett
  12. kva med nokre farisearar?

    SvarSlett
  13. Ein annan kvinneleg lesar av guffebloggen3/5/09 20:08

    Det vart litt for rosa for meg òg.

    SvarSlett
  14. endå ein kvinneleg lesar? dette vert meir og meir surrealistisk.

    SvarSlett
  15. Anar eg konturane av ei røysting om bakgrunnsfargen? Om du kallar det kåring av Nasjonalbakgrunnsfarge, så vil sikker Folkemusikk-Frode røyste eit par-tre gonger, og han vil sikkert flette inn sine vanlege kommentarar om at han er misforstått og ignorert. Men om du legg inn ei hardangerrose eller noko, så blir han sikkert nøgd.

    SvarSlett
  16. Som den omtalte Parkteaterkvinne må jg bare si at jeg aldrig har savnet rosa. Derimot har jeg fått høre at jeg er litt for glad i blått.

    SvarSlett
  17. Eg fremjar med dette Kukola som kandidat til Fritt ord-prisen. Han er både meir uredd og usakleg enn Nina Karin Monsen. Han har ytra seg hensynslaust og Frode-fiendtleg, utan grunn, i fleire innlegg.

    Når dette er sagt, vil eg gjerne få stemme på farga grøn som ny nasjonalbloggfarge.

    SvarSlett
  18. Ei urovekkjande utvikling i avrøystinga. Held det fram på dette viset, vert eg nøydd til å juksa att slik eg gjorde i joleavrøystinga.

    Ikkje at det hjelpte hanekamjola til siger, men.

    SvarSlett
  19. Takk! Eg kan i utgangspunktet ta i mot kva pris det skal vere. Men eg denne tek eg berre i mot om Frode returnerer sin Brannfakkel-på-Brannfakkel-pris, si gullmedalje for fremje av nett-vett og trøystepremien på 1 km langrenn han fekk i 9-års alderen.

    SvarSlett
  20. frode fekk òg nestbestemannsprisen i freestyle-dansing på landskappleiken i 1997.

    SvarSlett
  21. den har eg levert tilbake.

    vil også gjera merksam på at eg er førebiletet til mgp-frikar.

    SvarSlett
  22. berre viss du reknar sixpence og lusekufte som frikete klede.

    SvarSlett