no er det pikerten ikkje lenge til valkampen er over. det kan koma godt med.
mor mi fortel at dei har hatt skuleval på skulen hennar. omtrent alle partia som var til stades, fekk nokre røyster. slik er det visst på dei fleste skular. det har i dag vore litt oppstuss ulike stader på nettet, sidan det viser seg at det utprega rasistiske nazipartiet vigrid har fått ti prosent av røystene ved skulevalet på ål vidaregåande skule i hallingdal. dette skal visst vera både skremmande og kritikkverdig.
sjølv er eg berre sånn middels opprørt over dette. det er greitt at det ikkje er så pirrande med rasisme, men eg føler at pressa har vore litt for fokuserte på den rasistiske delen av politikken til vigrid. eg veit til dømes lite om kva slags næringslivspolitikk dei står for, og heller ikkje noko om synet deira på bompengar eller pensjonsreforma.
Vigrid ja - alle veit jo at det er mållaget som står bak dei. Alt skal på ny(tt) bli norsk. Vigrid kom inn som ein motreaksjon etter at kommunistane hadde makta der for 10-15 år sidan. No leiar NM og propagandabladet NT dei mot ei rein nynorsk framtid. Alt heng vel saman med at slekta til redaktøren kom frå, nettopp, Ål, der Vigrid har sin til no største oppslutnad. Dette er ei sak for større gravande journalistar enn deg, Guffen.
SvarSlettgravande? du meiner vel graverande?
SvarSlettOm du berre les dei fyrste bokstavane i kvar linje i leiaren i NT 4-09 så blir det "Røyst Virgida". Det granvinerande, det.
SvarSlettOm du les siste bokstaven i kvar linje i leiaren i NT 5-09 baklengs vert det "Viagrida - for norsk reising". Det er gravensteinen sin, det.
SvarSlettNoko anna. Kva har hendt med røysteknappane? Hadde det ikkje vore naturleg å kunne røyste på noko i desse dagar? Kan godt vere parti, men gjerne noko anna. Eg er med på alt. Til dømes a) guffebloggen skal berre handla om diffuse halvmotseiande ting b) guffebloggen må bruke meir tid på folkemusikk
SvarSlettc) guffebloggen treng fleire bilete
Er Vigrid for eller i mot dødstraff?
SvarSlettdutto: det kjem sikkert fleire røystingar.
SvarSletttjostolv: ja, det er nett slike spørsmål eg òg gjerne ville hatt svar på.
Eg har vore og stemt. For dei som ikkje har gjort det enno, gjer eg mekrsam på at "Siv Jensen" er eit anagram for "Svine-Jens". Det seier vel sitt.
SvarSlett"tjostolv moland" er eit anagram for tom svolt jondal. og for sonja vott d-moll, eller jan volt domstol. det seier ikkje akkurat sitt.
SvarSlettapropos moland, forresten: er det nokon som veit om han og french har førehandsrøysta?
SvarSlettapropos førehandsrøysting: er det nokon som veit når kyrkjevalet er?
SvarSlettlangfredag, like ved oljeberget.
SvarSlettog veit du kva kyrkjer som er på val?
SvarSlettHe? Er det ikkje valdagsmåling her?
SvarSlett"Kva har hendt med røysteknappane?", seier eg ein gong til.
SvarSlettFrp med valvake i Det norske teatret. Målrørsla må ta sjølvkritikk.
SvarSlettKva har far din stemt? På Voss er det to stemmer på NKP og 6 på SALL.
SvarSlettfar min røysta i oslo. og valdagsmålinga kjem snart, eg må berre finrekna litt på tala, og justera litt for feilmargin.
SvarSlettGreitt nok å vere lei seg for Sponheim, men no er det vel på tide å riste det av seg.
SvarSlett