det er berre eitt år til eg tek til på skulen, og onkl T gjer det han kan for at eg skal unngå ekstratimar der. i dag gav han meg eit grunnkurs i nasjonalvitsen, og drog den om dei to tomatene som gjekk langs ein veg. eg fekk deretter i oppgåve å laga ein vits sjølv, og kan vel seia meg nokolunde nøgd med resultatet:
det var to ski som gjekk over ein veg. så vart den eine overkøyrd, og så sa den andre: "klapp igjen då, bananskal".
Vart han overkøyrd fordi han glei på bananskalet? Og kva har skjedd med Billemann og Bollemann?
SvarSlettEg har ein ny ein, eg tek berre punsjlinja:
SvarSlett"Kom igjen, Banos."
Eg forstod den ikkje.
SvarSlettsorry. eg trudde du var slutta her. denne passar kanskje betre:
SvarSlettdet var to oksebønder frå valdres som gjekk over ein veg. så vart den eine overkøyrd. så sa den andre: kom igjen, banos.
Det var to vagabønder frå Valdres som overgjekk ein okse. Så vart den eine overhøyrd. Så sa den andre: Eg forstod den ikkje.
SvarSlett