2.9.08

DRØYMEFERIEN, DAG 4

[kommentarane frå siste melding tyder på at opptil fleire har von om at dei gamle travarane kan vekkjast til liv. me prøver.]

18. juli - tysdag (dette er eit framhald frå denne sida)

Frå Melhus i halv-elleve tida, ein halv time etter ruta. Fint ver, men noko kjøleg. Forbi Trondheim utan stans, denne gongen skal me samla oss om Nord-Noreg. Til Trøndelag kjem me vel snart att. Fint innover dei breie bygdene. Kornet er skote, men står grønt framleis. Langs Snåsa-vatnet var det svært vakker natur, låge skogåsar rundt vatnet. Folk hesjar og driv med slåtten. Me har krope inn i ei hytte på Mellingsmo, litt sør for Majavatn. Vanleg halloi og kamp om sengeplassane. (far min la mindre vekt på jordbruk.)

Spørsmålet er omtrent som vanleg - kva seier postkassa til besten?

6 kommentarer:

  1. Endeleg! Eg vonar det kjem framhald i morgon den dag!

    SvarSlett
  2. Postkassa seier: No får du slutte å bestille dei drittunge elloskatalogane.

    SvarSlett
  3. Postkassa seier: No får du slutte å bestille dei drittunge elloskatalogane.

    SvarSlett
  4. Postkasse nr. 10 seier: Hei besten, triveleg at du stakk innom. Hugste du gummistøvlar?

    SvarSlett
  5. Frode: Er det ikkje på tide at du lærer deg rettskrivingsreglane? Samansette ord skal anten skrivast i eitt, eller dei skal hektast saman med ei bindestrek, slik at rett stavemåte vert drittunge-elloskatalogane.

    SvarSlett
  6. Postkasse nr 11 seier: No skal det bli andre bollar!

    SvarSlett