1.6.09

PINSE

eg tek sjansen på at den infame hetsen mot all refereringa frå jole- og påskefeiring ikkje omfattar pinsefeiring, og kjem difor med eit heller detaljert pinsereferat.

laurdag køyrde me bil, kasta steinar i vatnet, gjekk under ein foss, og vitja nokre luringar som budde i enden av vegen.

sundag køyrde me bil, tok ei ferje, såg på eit fly, gjekk på kino og såg ein skummel spøkelsefilm, åt ekstremt dårleg indisk mat, og køyrde heim att.

måndag sykla me ein tur, før me sykla heim att.

det einaste folkemusikalske innslaget var at han som budde i enden av vegen nyleg hadde kjøpt seg langeleik.

27 kommentarer:

  1. var det ein viken-leik?

    SvarSlett
  2. ein sånn med små vimplar i kvar ende? nei.

    SvarSlett
  3. Var det eit fly frå Air France?

    SvarSlett
  4. hm. er dette ein weekend-leik?

    SvarSlett
  5. Var det ein Vi på lange-leik dei kjøpte seg?

    SvarSlett
  6. kan det ha vore ein mette lange-leik?

    SvarSlett
  7. nei, svaret er at det var ein kortleik

    SvarSlett
  8. Kva? Var du der og Frode? Eg går heilt i surr av alle desse me-ane. Me, me, me. Kven me?

    SvarSlett
  9. me som fann opp krutet.

    SvarSlett
  10. mø? mø seie mø, mø.

    SvarSlett
  11. God jol, i Kabol, seier eg.

    SvarSlett
  12. akkurat. når eg omsider har bremsa litt på jolereferata, kjem du rekande med dine.

    SvarSlett
  13. God pinse på Finse.

    SvarSlett
  14. God 18. mai, på Skeid.

    SvarSlett
  15. Skikkeleg god vits, på bærtur.

    SvarSlett
  16. Det var det same bandet som spelte "God jul i Kabul", "Ygre Pygre" og "Vegen til Voss". Veit du Guffen kven det var?

    SvarSlett
  17. eg ville trudd det var boastein, men sidan det er du som spør, er vel svaret sham 69.

    SvarSlett
  18. Eg vil høyre meir om Bø og Bæ. Er det ikkje du skriv dei bøkene, kukola? Korleis går det med dei no?

    SvarSlett
  19. Eg seier meg lei for det, men dei strauk diverre med av saueinfluensa tidlegare i vinter. Men eg trur nok det skal bli ei bra bok likevel.

    SvarSlett
  20. "Bø og Bæ vert gravlagde"?

    SvarSlett
  21. "bø og bæ og melka som vart vekk".

    SvarSlett
  22. Tett på: "Bø og bæ er faen meg oppskrytt, og eg er møkk lei at alle som har eit snev av nynorsk-interesse meiner at dette er guds gåve til verda. No skal dei dø!" blir tittelen.

    SvarSlett
  23. ja, ja, ja. men var det ein viken-leik?

    SvarSlett
  24. Eg gløymer ofte at kukola er i ubalanse. Viss du skaffar meg eit bilde av langeleiken, skal eg seia om det er ein Viken-leik. Eg er jo oslo-etnolog, så vidt.

    SvarSlett
  25. Eg for min del er ikkje så overtydd om det der med at Bæ og Bø er Guds gåve til verda. Men no er eg ikkje så overtydd om det der med Gud heller, så det kan jo ver der det ligg.

    SvarSlett
  26. Langeleiken som finst i enden av vegen, er ein liten 6-strengs Fjotlands-langeleik laga av Nils Ro i Kvinesdal, ein kopi av langeleik laga av Torgrim Knaben i 1817 (meir info på www.fjotlandsrosa.no, særleg tilrettelagt for osloetnologar).

    SvarSlett
  27. aha, så det er ein av knaben-leikane?

    SvarSlett