8.6.09

FIRE

her om dagen høgtida eg fireårsdagen min med flagget til topps. mor mi hadde baka ei kake som var hakket større enn eg hadde trudd, og det kom rekande gjester frå fjern og nær. me rigga til eit høveleg festlokale ute på plenen, og brukte nokre timar på å gøyma ein del leiker, eta ein del kaker, drikka litt brus, eta mykje is, huska i huskestativet og pusla puslespel. det var ein retteleg stor dag.

det som truleg har større ålmenn interesse, er at han som bur i enden av vegen har meldt at han i løpet av dagen kjem til å koma med nokre detaljar om langeleiken han nyst har handla inn. han skulle gjerne kome med desse detaljane tidlegare, men då måtte han ha busett seg nærmare midten av vegen, der dei har postmoderne oppfinningar som breiband o.l.

17 kommentarer:

  1. dette var gode og kukola-frie nyhende!

    SvarSlett
  2. Eg tviler veldig sterkt på alt det som står i denne saka. Flagget til topps? Neppe. http://guffen.blogspot.com/2009/05/livet.html

    SvarSlett
  3. flagget til topps er ein metafor. idiot. er du forresten interessert i sommarjobb?

    SvarSlett
  4. Ikkje om det har noko med folkemusikk å gjere.

    SvarSlett
  5. ha, det er vel ingen som vil ha DEG viss det har noko med folkemusikk å gjere.

    SvarSlett
  6. Det er vel ingen som vil ha deg heller. Uansett.

    SvarSlett
  7. her må eg arrestera deg, kjesso: frode har ståande tilbod om å trakka i siloen heime hjå onklT.

    SvarSlett
  8. der ser du, kjesso. du er på tynn is, stuttjukken du er.

    SvarSlett
  9. På tunn is midt på sommaren? Spar meg.

    SvarSlett
  10. på tynn is er ein metafor. idiot. er du forresten interessert i sommarjobb?

    SvarSlett
  11. ikkje om det har noko med å oppdatere bloggar å gjere.

    SvarSlett
  12. "Interessert i sommarjobb"? Kva er det metafor for?

    SvarSlett
  13. det er ikkje så nøye, berre det er ein metafor. idiot.

    SvarSlett
  14. Kva er "det er ein metafor", metafor for?

    SvarSlett
  15. Det som ligg i siloen på garden til odelsguten.

    SvarSlett
  16. Om ikkje odelsguten passar seg, er det han som ligg i botnen av siloen.

    SvarSlett
  17. kva for ein odelsgut er det me snakkar om? son til dodl?

    SvarSlett