20.6.10

TUR

vanleg samtale, ei heilt tilfeldig helg:
eg: mor, skal me gå ein tur i dag?
mor: ja, klart me kan det. i dag har eg lyst til å gå ein retteleg lang tur.

samtale laurdag føremiddag:
eg: mor, skal me gå ein tur i dag?
mor: ja, men eg må vera tilbake seinast klokka to. SEINAST KLOKKA TO! KLOKKA TO!!

far min fortalde meg seinare at i nokre få slekter er dette ein vanleg oppførsel dei dagane det vert vist kongebryllaup på fjernsyn.

elles går det meste av tida med til å pakka med oss alt me har, og koma oss vekk frå bygda før landskappleiken tek til.

2 kommentarer:

  1. landskappleiken? Kva er det? Kappgåing? Vedkapptevling mellom Sverige og Noreg? Tiurleik for kappingar?

    SvarSlett
  2. ikkje spør meg. eg har kome meg vekk frå bygda før det tek til.

    SvarSlett