13.6.09

POPULÆRKULTUR

ein gong i gamle dagar song salhuskvintetten "det skal bli andre bollar når papen kjem heim". dei er elles best kjende for slageren "besten sette potena her", men teksten om bollane og papen står likevel som eit høgdepunkt i nyare norsk populærkulturen. teksten om besten og potetene vert litt for sviskeaktig - det er greitt at alle likar sviskegraut, men å blanda inn poteter vert litt for pikant.

besten har no laga sine eigen variant av desse slagerane, og lever etter mottoet "det vert andre bollar når besten er heime". han har lenge sett seg lei på at besto ser for mykje på fjernsyn, og til og med snakkar varmt om fjernsynsserien "karl & co", så her om dagen var det ikkje anna råd enn å køyra fjernsynet til pisis. eg kjem til å tenkja på den gamle songlina om at "det brydder etter plogen" - eg veit rett nok ikkje kva ordet "brydder" tyder, men eg trur at den songlina passar bra her.

13 kommentarer:

  1. Endeleg ei enkel kva seier besten-oppgåve. Besten seier: "det vert andre bollar når besten er heime".

    SvarSlett
  2. Ung som du er, får ein tilgje at du ikkje er klar over at Salhuskvintetten (eller Olkalimabo som dei og var kjende som) sin mest kjende låt var "Gryta hennar mor", med "Singel og sand" som ein god nummer to.

    SvarSlett
  3. Ooops, Olkabilamo skulle det vera.

    SvarSlett
  4. Besten seier: Det spirer etter plogen, sjølvsagt. Ah.. har ikkje onkel T lært deg ein dritt?

    SvarSlett
  5. kjesso: dei er sikkert bra kjende for "gryta hennar mor" i populærkulturelle krinsar, men me i kultureliten ser vekk frå slike openberre makkverk.

    frode: nei.

    SvarSlett
  6. no var det vel faktisk besten som uttala seg

    SvarSlett
  7. insinuerer du at besten ikkje høyrer til i kultureliten? ta deg ein bolle.

    SvarSlett
  8. er det besten seier-spalta, så er det besten seier-spalta.

    SvarSlett
  9. ingen har hevda noko anna. det ville jo vore rart viss besten seier-spalta var ei nasjonalpostkassekåring.

    SvarSlett
  10. ha, ha. ja, det ville ha vore skikkeleg rart!!! :-)

    SvarSlett
  11. har farsotten med smilefjes nådd fram til valdres? velkomen etter, sirup.

    SvarSlett
  12. vi kjenner iallefall tydinga av ordet "brydder". :-(

    SvarSlett
  13. Kven er besten?

    SvarSlett