besten har no laga sine eigen variant av desse slagerane, og lever etter mottoet "det vert andre bollar når besten er heime". han har lenge sett seg lei på at besto ser for mykje på fjernsyn, og til og med snakkar varmt om fjernsynsserien "karl & co", så her om dagen var det ikkje anna råd enn å køyra fjernsynet til pisis. eg kjem til å tenkja på den gamle songlina om at "det brydder etter plogen" - eg veit rett nok ikkje kva ordet "brydder" tyder, men eg trur at den songlina passar bra her.
13.6.09
POPULÆRKULTUR

Endeleg ei enkel kva seier besten-oppgåve. Besten seier: "det vert andre bollar når besten er heime".
SvarSlettUng som du er, får ein tilgje at du ikkje er klar over at Salhuskvintetten (eller Olkalimabo som dei og var kjende som) sin mest kjende låt var "Gryta hennar mor", med "Singel og sand" som ein god nummer to.
SvarSlettOoops, Olkabilamo skulle det vera.
SvarSlettBesten seier: Det spirer etter plogen, sjølvsagt. Ah.. har ikkje onkel T lært deg ein dritt?
SvarSlettkjesso: dei er sikkert bra kjende for "gryta hennar mor" i populærkulturelle krinsar, men me i kultureliten ser vekk frå slike openberre makkverk.
SvarSlettfrode: nei.
no var det vel faktisk besten som uttala seg
SvarSlettinsinuerer du at besten ikkje høyrer til i kultureliten? ta deg ein bolle.
SvarSletter det besten seier-spalta, så er det besten seier-spalta.
SvarSlettingen har hevda noko anna. det ville jo vore rart viss besten seier-spalta var ei nasjonalpostkassekåring.
SvarSlettha, ha. ja, det ville ha vore skikkeleg rart!!! :-)
SvarSletthar farsotten med smilefjes nådd fram til valdres? velkomen etter, sirup.
SvarSlettvi kjenner iallefall tydinga av ordet "brydder". :-(
SvarSlettKven er besten?
SvarSlett