1.6.09

PINSE

eg tek sjansen på at den infame hetsen mot all refereringa frå jole- og påskefeiring ikkje omfattar pinsefeiring, og kjem difor med eit heller detaljert pinsereferat.

laurdag køyrde me bil, kasta steinar i vatnet, gjekk under ein foss, og vitja nokre luringar som budde i enden av vegen.

sundag køyrde me bil, tok ei ferje, såg på eit fly, gjekk på kino og såg ein skummel spøkelsefilm, åt ekstremt dårleg indisk mat, og køyrde heim att.

måndag sykla me ein tur, før me sykla heim att.

det einaste folkemusikalske innslaget var at han som budde i enden av vegen nyleg hadde kjøpt seg langeleik.

27 kommentarer:

frode sa...

var det ein viken-leik?

guffen sa...

ein sånn med små vimplar i kvar ende? nei.

kjesso sa...

Var det eit fly frå Air France?

guffen sa...

hm. er dette ein weekend-leik?

kukola sa...

Var det ein Vi på lange-leik dei kjøpte seg?

guffen sa...

kan det ha vore ein mette lange-leik?

frode sa...

nei, svaret er at det var ein kortleik

kukola sa...

Kva? Var du der og Frode? Eg går heilt i surr av alle desse me-ane. Me, me, me. Kven me?

guffen sa...

me som fann opp krutet.

frode sa...

mø? mø seie mø, mø.

kukola sa...

God jol, i Kabol, seier eg.

guffen sa...

akkurat. når eg omsider har bremsa litt på jolereferata, kjem du rekande med dine.

kjesso sa...

God pinse på Finse.

kukola sa...

God 18. mai, på Skeid.

guffen sa...

Skikkeleg god vits, på bærtur.

kjesso sa...

Det var det same bandet som spelte "God jul i Kabul", "Ygre Pygre" og "Vegen til Voss". Veit du Guffen kven det var?

guffen sa...

eg ville trudd det var boastein, men sidan det er du som spør, er vel svaret sham 69.

frode sa...

Eg vil høyre meir om Bø og Bæ. Er det ikkje du skriv dei bøkene, kukola? Korleis går det med dei no?

kukola sa...

Eg seier meg lei for det, men dei strauk diverre med av saueinfluensa tidlegare i vinter. Men eg trur nok det skal bli ei bra bok likevel.

kjesso sa...

"Bø og Bæ vert gravlagde"?

guffen sa...

"bø og bæ og melka som vart vekk".

kukola sa...

Tett på: "Bø og bæ er faen meg oppskrytt, og eg er møkk lei at alle som har eit snev av nynorsk-interesse meiner at dette er guds gåve til verda. No skal dei dø!" blir tittelen.

guffen sa...

ja, ja, ja. men var det ein viken-leik?

frode sa...

Eg gløymer ofte at kukola er i ubalanse. Viss du skaffar meg eit bilde av langeleiken, skal eg seia om det er ein Viken-leik. Eg er jo oslo-etnolog, så vidt.

kjesso sa...

Eg for min del er ikkje så overtydd om det der med at Bæ og Bø er Guds gåve til verda. Men no er eg ikkje så overtydd om det der med Gud heller, så det kan jo ver der det ligg.

sam sa...

Langeleiken som finst i enden av vegen, er ein liten 6-strengs Fjotlands-langeleik laga av Nils Ro i Kvinesdal, ein kopi av langeleik laga av Torgrim Knaben i 1817 (meir info på www.fjotlandsrosa.no, særleg tilrettelagt for osloetnologar).

frode sa...

aha, så det er ein av knaben-leikane?