her om dagen høgtida eg fireårsdagen min med flagget til topps. mor mi hadde baka ei kake som var hakket større enn eg hadde trudd, og det kom rekande gjester frå fjern og nær. me rigga til eit høveleg festlokale ute på plenen, og brukte nokre timar på å gøyma ein del leiker, eta ein del kaker, drikka litt brus, eta mykje is, huska i huskestativet og pusla puslespel. det var ein retteleg stor dag.det som truleg har større ålmenn interesse, er at han som bur i enden av vegen har meldt at han i løpet av dagen kjem til å koma med nokre detaljar om langeleiken han nyst har handla inn. han skulle gjerne kome med desse detaljane tidlegare, men då måtte han ha busett seg nærmare midten av vegen, der dei har postmoderne oppfinningar som breiband o.l.
dette var gode og kukola-frie nyhende!
SvarSlettEg tviler veldig sterkt på alt det som står i denne saka. Flagget til topps? Neppe. http://guffen.blogspot.com/2009/05/livet.html
SvarSlettflagget til topps er ein metafor. idiot. er du forresten interessert i sommarjobb?
SvarSlettIkkje om det har noko med folkemusikk å gjere.
SvarSlettha, det er vel ingen som vil ha DEG viss det har noko med folkemusikk å gjere.
SvarSlettDet er vel ingen som vil ha deg heller. Uansett.
SvarSletther må eg arrestera deg, kjesso: frode har ståande tilbod om å trakka i siloen heime hjå onklT.
SvarSlettder ser du, kjesso. du er på tynn is, stuttjukken du er.
SvarSlettPå tunn is midt på sommaren? Spar meg.
SvarSlettpå tynn is er ein metafor. idiot. er du forresten interessert i sommarjobb?
SvarSlettikkje om det har noko med å oppdatere bloggar å gjere.
SvarSlett"Interessert i sommarjobb"? Kva er det metafor for?
SvarSlettdet er ikkje så nøye, berre det er ein metafor. idiot.
SvarSlettKva er "det er ein metafor", metafor for?
SvarSlettDet som ligg i siloen på garden til odelsguten.
SvarSlettOm ikkje odelsguten passar seg, er det han som ligg i botnen av siloen.
SvarSlettkva for ein odelsgut er det me snakkar om? son til dodl?
SvarSlett