13.9.06

JOL

det er sjølvsagt i tidlegaste laget å tenkja på jola (sjølv om tante K har gjort seg ferdig med jolegåveinnkjøpa for mange månader sidan). etter den kjedelege hendinga for to år sidan, då far min ikkje fekk vita at det skulle vera bartejol før vesle jolafta, slik at han måtte ut på svartebørsmarknaden for å skaffa seg ei anders hovden-bart, er det likevel naudsynt med ei tidleg avklaring. biletet over viser onkel A og onkel K på jolekvelden for to år sidan, fint pynta med bart og slipsfrie skjorter.

i fjor var me på nordmøre, der tema for jola var jol og varme. no går turen sørover att, og bloggelesarane vert med dette oppmoda om å koma med innspel til høvelege tema. eit framlegg som har vore til lufting, er ei god gamal hentesveisjol. dette var jo vanleg i syttiåra, slik biletet under viser. kva trur de?

10.9.06

POSTKASSE #4

i kåringa av noregs nasjonalpostkasse er me no komne fram til postkasse nummer 4. denne er relativt meir marin enn dei føregåande, og vil nok difor truleg skåra ein del poeng frå dei som held til ved kysten. reglane er som før - de gjev postkassene poeng etter kor godt eigna dei er. skalaen går frå 10000 poeng (til dei grader godt eigna) til 1 poeng (helst lite eigna). kvar person kan røysta maks tre gonger på ei og same postkasse, men summane må då tilsvara omkrinsen. dei som røyster anonymt kan berre røysta to gonger på ei og same kasse. det er framleis fullt mogeleg å røysta på alle postkassene i kåringa.

alle som vil kan framleis senda inn bilete av postkasser som kan høva i kåringa. så langt har det berre kome inn éitt bilete, som så langt har teke plass langt bak i køen.

stillinga så langt:
postkasse #3: 5009,5
postkasse #1: 4906,2
postkasse #2: 2028,3

ny postkasse neste sundag.

8.9.06

DYRSKU'N

heller ikkje i år vart det noko av turen til dyrsku'n i seljord. det er difor fint om andre som har vore innom der, eller har høyrt gode historier derfrå, kan dela alt dette med oss andre.

7.9.06

BRUASET 8

der ingen skulle tru at nokon kunne bu, del VIII:
nattoget

5.9.06

NOKAS

huff og huff. no er det heile i gang igjen. det er sett av syttifire veker til anking av nokasranet, og samtlege av desse vekene kjem aviser og nettaviser og fjernsyn til å gå rundt og tru at andre enn familien til han som vart skoten har interesse av denne saka. til alt hell døydde det ein heilt ukjend krokodillemann i australia i går, slik at nettavisene fekk noko anna å skriva om.

hadde endå nokas-advokatane hatt innsikt nok til å sprita opp avhøyra med spørsmåla alle vil ha svar på, kunne det vorte litt interessant. no får me aldri vita kva klengenamn david toska hadde på barneskulen - kalla dei han meisterhjernen alt då, eller gjekk dei for eit meir openbert? og kva er det tullet med at han eine stavar mellomnamnet sitt med ch - alrich?

3.9.06

POSTKASSE #3

postkassekåringa held fram. til orientering for nye lesarar har guffebloggen denne hausten teke mål av seg til å kåra nasjonalpostkassa, og denne gongen har me funne fram ei postkasse som verkeleg råkar sentralt i den norske folkesjela.

de står fritt til å gje postkassene poeng, frå 1 (til dels ueigna til å vera nasjonalpostkasse) til 10000 (ekstremt godt eigna). det er ingenting i vegen for å røysta på tidlegare framviste postkasser, men hugs at ein og same person berre kan røysta tre gonger på same postkasse, og i slike tilfelle må røystesummane vera omvendt proporsjonale.

stillinga så langt:
postkasse #1: 4906,2
postkasse #2: 2028,3

1.9.06

STEG

no i kveld tok eg mine fyrste steg. mange har venta på dette, og eg ser sjølvsagt på det heile som ein milepæl. diverre vart det ikkje dokumentert. mor mi er nett ute ein tur med nokon ho kjenner, for å eta pottittgull og nippa vin, medan far min var travelt oppteken med beat for beat, der han syng med av hjartans lyst.