2.6.06

TIPPING

eg har ikkje greidd å få kontakt med operadart-miljøet i bergen, og ser difor ikkje anna råd enn å dra i gang eiga vm-tipping. i løpet av helga kokar eg saman eit skjema med oppgåver - dei viktigaste vert å tippa rett resultat i vm-kampane, men det dukkar kanskje opp andre oppgåver òg. vm-et det er snakk om er vm i fotball. alle som har interesse av å vera med kan tinga eit skjema på den halv-offisielle e-adressa til guffebloggen: kjesso¤online.no.

under vm vert det òg lagt ut ei rekkje spørsmål. desse har ikkje mykje med fotball å gjera, men er slike spørsmål som foreldra mine ikkje veit svaret på. lukke til.

innleverte tips:
arnfinn balle bjørg docmartin eirik eivind erling gaute gjert halvor jens kjetil lars marit matias ragnhild stein inge thor morten torunn tørsten øystein

stillinga
9. juni 10. juni 11.juni 12.juni 13.juni 14.juni 15.juni 16.juni 17.juni 18.juni 19.juni 20.juni 21.juni 22.juni 23.juni 24.juni 25.juni 26.juni 27.juni 30.juni 1.juli 2.juli 4.juli 5.juli 8.juli 9.juli

statistikk og anna
sluttspelet regelendring finalefest

5 kommentarer:

Ragnhild Bjorge sa...

Eg gler meg!
Men kan ikkje du organisera felles kampsjåing under VM? Ja, for dei som oppheld seg her det skjer, altso.

guffen sa...

alle kampar vert sjølvsagt viste på småskjerm i gamlevegen.

Anonym sa...

kontakt med opera-dart miljøet i bergen er herved oppretta. i dei siste åra er det kjetinho som har overteke mykje av organiseringa av tippe-tevlingar her i bergen. eg skal informere han om at oppvaskar i opera-dart klubben alt har teke ansvar, slik at han ikkje treng å arrangere viss han no har hatt planar om dette.

Anonym sa...

endeleg nokon som tek ansvar. eg vonar at poengutrekningsystemet er like uoversikteleg som før slik at, til liks med vm, kven som helst kan gå fram og vinne utan at nokon heilt skjønar kvifor.

havets
spesialpizza leverandør i 10 år

Anonym sa...

Endeleg noko motstand. Dei siste åra har ein måtta klara seg med tevlingar arrangert av Marco Reda, og alle som har eit døsig auga på foppall veit at å slå Sogndal ikkje er særskilt vanskeleg om dagen!
Personleg ser eg fram til å bryna restane av vidd mot spyrsmåla.

Mini