21.3.06

PAMPLONA

hola. flyturen sörover gjekk relativt greitt. me vart av ein eller annan grunn plasserte i hyle-avdelinga paa flyet, og eg lot ikkje hövet gaa fraa meg til aa dra i gang noko skikkeleg hyling. paa flybussen kom me opp i dei vanlege problema. foreldra mine har teke med seg ein stor sekk kvar, ein liten sekk kvar, ei vogn til meg, og meg, altsaa seks kolli. skal flyten inn og ut av flybussen gaa normalt, maa dei altsaa ta eit og eit halvt kolli i kvar arm, og det seier seg sjölv at det ikkje gjekk. til alt hell fekk me hjelp av ein som likna litt paa kjetil tön (nasen var rett nok litt större).

fraa madrid tok me toget til pamplona. byen er best kjend for det aarlege okselöpet, og far min, som er travelt oppteken av at eg skal verta like maskulin som han, meinte at eg og han burde springa framfor oksane. for aa vera paa den sikre sida, sprang me fire maanader för oksane, og kom fraa det med livet. mor mi ville ikkje vera med, og kjöpte seg i staden ein dobbel maccchiato to go.

i kveld skal eg og far min sjaa om me finn nokre gode debattprogram paa fjernsyn. mor mi skal nippa til eit glas vin og eta pottittgull. me kan ferie.

sevilla
valencia
fuenicada
guantanamera
affichia
cadacez
oppsummering
alkohol

3 kommentarer:

Anonym sa...

Eg synest far din er heilt utruelg heldig, som får vera med på ferietur til Syden. Han set nok pris på familien sin, ja.

guffen sa...

ja, han har ikkje alltid vore like heldig med reisefylgjet sitt. i alle fall ikkje paa dagsturar til fjells.

Anonym sa...

Hm, det skulle eg gjerne ha høyrt meir om. Sjølv var eg med far din på ein overnattingstur til fjells.

Ikkje ein enkel tur, Guffen. Far din festar ikkje lit til kjentfolk, og det vart ofte diskusjon om veivalet.

Vi låg i telt ved ein stor innsjø i Jotunheimen, og morgonen etter opplevde vi noko rart. Teltet sto plutseleg fleire meter lenger ned enn då me sette det opp. Kan du forklare det?