20.8.06

POSTKASSE #1

i serien ekstremt viktige kåringar er me no komne fram til kåringa av noregs nasjonalpostkasse. dei siste åra har eg skrapa saman bilete av fleire interessante postkasser, og kjem til å leggja ut bilete av ei postkasse kvar sundag utover hausten. dei som vil kan deretter røysta på kor godt akkurat denne postkassa vil gjera seg som nasjonalpostkasse, ved å bruka ein skala frå 1 (lite eigna) til 10 000 (særs godt eigna). viss eg nokon gong går tom for postkassebilete, kjem det ei oppsummering der eg reknar ut snittet på kvar postkasse. det seier seg sjølvsagt sjølv at dersom nokon sit på bilete av gode postkasser, må dei ikkje nøla med å ta kontakt.

postkasse#2 postkasse#3 postkasse#4 postkasse#5 postkasse#6 postkasse#7 postkasse#8 postkasse#9 postkasse#10 meir om postkasse#10 postkasse#11 postkasse#12

6 kommentarer:

Anonym sa...

Kritikk.
Når det står noko på postkassene, som her, bør Guffen skrive dette ned i presentasjonen. På skjermen er det vanskeleg å sjå kva som står på kassa.

guffen sa...

svar på kritikk:
når det står noko på postkassene, som her, er det eit vanleg triks i nasjonalpostkassekåringar å dobbelklikka på biletet, slik at det vert større.

Anonym sa...

Eg kan for ein gongs skuld ha vore dum. Men eg kan stå for det.

Anonym sa...

Eg synest denne kassen er veldig fin. Han får 7605 poeng.

Anonym sa...

Han får ikkje meir enn 1832 frå meg. Det får vera måte på.

Anonym sa...

5281,5 poeng