15.11.06

LOKALNYTT 1

i all iveren etter å utropa ei nasjonalpostkasse og ei jolepostkasse har eg kome i skade for å verta for oppteken av det nasjonale og internasjonale. for å bøta på dette vil eg den nærmaste tida òg presentera ein del meldingar med til dels svært lokalt innhald. sidan eg ikkje les aviser sjølv, tek eg gjerne mot relevant nytt frå andre. det er vel like greitt å opna denne serien med ei melding frå sunnmørsposten tidlegare i år:

Hund i varm bil
Fredag vart det meldt om at ein hund var inne i en låst bil i Volda. Hunden var plaga av varmen, men eigaren kom til etter ein times tid, og hunden fekk kjøle seg. Dermed vart det ikkje gjort meir med dette.

fernando torres inga feiring kranen snøballkrig porscheklubben sjåførbrillene fallskjermulukke

2 kommentarer:

Anonym sa...

Det hender at eg ser på nrk sine reprisar av gårsdagens lokalsendingar. Dette gjorde eg også i dag, og da såg eg at voldingane planlegg ein ny attraksjon i form av ein restaurant oppå Rosethornet med ein lekker veg oppetter fjellsida. Begrunninga for dette håplause påfunnet er at dei ønskar seg "noko heilt spesielt, noko som alle andre har". Eg har problem med logikken her, -kanskje du kan hjelpe meg litt?

guffen sa...

enklaste måten å forklara denne logiske bristen er at han nissen som har kome på denne idiot-ideen hadde besten som lærar på sekstitalet.