skip to main |
skip to sidebar
denne veka byrja dårleg. det viste seg at eg slettes ikkje var ferdig i barnehagen, men at eg skal gå der ei veke til. jaja - med fri fredagar er det berre snakk om fire dagar, så eg er alt halvferdig. barnehagelivet er ikkje mykje å skryta av: dårleg mat, dårlege leiker, og eit lass med dritungar som slit med diksjonen.i går fann dei vaksne i barnehagen ut at me skal laga eit kor. på torsdag kjem nemlig den lokale bispen på visitas, og bispane er visst svært interesserte i dårleg diksjonerte barnekor. det er ei mager trøyst at det står like dårleg til med musikaliteten. bortsett frå dette er eg litt usikker på programmet for visitasen. eg veit ikkje eingong om bispen skal visitera, eller om han sjølv vert visitert.eg snakka litt med ein av dei andre dritungane, forresten. han har gått i barnehagen sidan i haust, og fortel at bispen vanlegvis kikar innom ein gong kvar månad. dei som går i barnehagen på rotset, den einaste barnehagen i volda med utvida kristen føremålsparagraf, får besøk av bispen ein gong i veka. men så har dei òg eit ekstremt bra kor.
etter ei slitsam veke i barnehagen er eg endeleg ferdig med det tullet. mor mi og far min nytta tida godt medan eg var der, og innreidde rommet mitt omtrent slik eg hadde tenkt. som vanleg har dei ikkje akkurat spara på krutet. etter at biletet vart teke har forresten mor mi montert ein litt utkropen lampe. lampeskjermen har bilete av ein sjiraff, og roterer når lyset er kveikt, slik at eg i staden for å sova bruker heile natta til å kika på den roterande sjiraffen. i dag kom det forresten litt sno. eg spurde far min om ikkje me kunne aka på akebrettet, men det passa visst dårleg.
dei som er interesserte i fjerning av gule kranar, kan sjå denne filmen om fjerning av ein gul kran i brunsvika i kristiansund. filmen handlar om fjerninga av ein gul kran, og dersom du skrur på lyden, kan du høyra korleis den gule kranen skal fjernast.
gamlevegen, 9. januar: for fyrste gong i livet greier eg å kasta ei tannkremtube så langt ned i do at det ikkje er anna å gjera enn å dra i snora. mor mi fekk dillo.
den siste veka har det vore så mange storhendingar at eg ikkje har hatt tid til å rapportera. den fyrste storhendinga kom onsdag, då eg saman med mor mi tok turen til sollia barnehage, der eg skal få pottetrening og sosial trening dei neste fem-seks åra. så langt er eg like lite utlært på begge felta, men det kan henda at det går seg til. eg var der tre dagar sist veke, og desse dagane var ganske like: eg og eit lass med andre dritungar åt brødskiver med prim, leika med bilar, og kasta snøballar i friminuttet.
torsdag og fredag var far min og mor mi i ålesund for å høyra på ingebrigt steen jensen. han snakka om kor viktig det var at stabæk spelte semifinale i meisterligaen, og at han var klin galen. kvar gong nokon i salen hadde eit innspel var det "veeldig bra", same kor meiningslaust det var. steen jensen skreiv for nokre år sidan bestseljaren ona fyr, ei bok om eit fyr på ona. han hadde diverre ikkje med seg nok bøker til alle, men lova å senda ein kopi til alle som hadde møtt opp. korkje far min eller mor mi er spesielt interesserte i fyrhistorie (det nærmaste måtte vera at mor mi har eit relativt høgt forbruk av fyrstikker), slik at me om ikkje lenge, dersom steen jensen held ord, har to fyrbøker me kan gje vekk til dei som melder seg fyrst. dersom ingen melder seg, er det ikkje anna råd enn å gje dei vekk til jol. dei som vil gardera seg mot ei slik jolegåve, bør melda frå innan byrjinga av oktober.medan foreldra mine var i ålesund, var besten og besto her, for å passa på at eg fekk i meg nok vaniljesaus.
Inga feiringDen 19. mars blir ikkje feira. Marit KrøkjeInga feiring den 14. mars. Ikkje før, ikkje etter. Ragnhild Gaupar.Fjuken, mars 2004.
feiringa av nyttår gjekk som vanleg etter planen, der det meste gjekk over alle støvleskaft. dei fyrste gjestane kom rekande i sjutida. mor mi hadde kokt middag og laga dessert, og då bordseta tok til, viste ho fram utskrift frå ei svensk nettside som hevda at gravide gjerne kan drikka til dei stuper, så lenge det ikkje vert ein vane. ho kasta seg difor over vinflaskene, medan me andre gjekk for lut og kaldt vatn.ikkje uventa sovna far min i titida. me vekte han rundt midnatt, slik at han kunne skyta opp raketten han hadde kjøpt på nille for ein sleik og ingenting. deretter la han seg att, medan me andre åt kaker og fortalde tvilsame historier.