5.12.07

GEOMETRI

me er inne i ein god geometrisk stim på guffebloggen for tida. berre dagar etter at me skreiv at besten er glad i firkanta joletre, har det no dukka opp ein geometrisk kuriositet i nabolaget. ein lokal gravemaskinist fann ei steinblokk med eit sjustjerna hol i. det seier seg sjølv at dette ikkje er eit naturleg hol, då alle naturlege hol er firkanta, og ikkje uventa har mange spurd seg kva dette kan vera. som vanleg er det dei største humoristane som har dei beste framlegga. reite er ein lokal komikar som tidlegare har samarbeidd med kristoffer schau.

viss reite har rett, er det sjølvsagt ikkje noko merkeleg i at dette holet vert plassert like ved ferjekaien i volda. ein skal reisa langt for å finna eit område der det vert synda meir, og sidan holet er så ekstremt stort, vil jo mange av dei som køyrer i land frå ferja sjå holet, og per omgåande ta kontakt med reite.

sjølv trur eg at det er asbjørnsen og moe som står bak dette holet. alle veit at sju-talet går att i folkeeventyra, tenk berre på dei sju pannekakene i eventyret om pannekaka, dei sju gode hjelparane til oskefisen, den sju meter lange brua i eventyret om bukkane bruse, dei sju trolla på heidalsskogen, dei sju sure ostane frå åmdalen, eller mannen som skulle stella heime. kvifor asbjørnsen og moe har plassert dette holet akkurat her, kjem nok av at dei kjende på seg at det skulle vera slik.

2.12.07

BESTEN 19

det er fyrste sundag i advent. besten tek som vanleg ingen sjansar, og tek med seg nokre av dei mest dugande biotopane i slekta på ein prøverunde i skogen, for å sjå etter høvelege joletre. som vanleg stiller han ikkje andre krav til trea enn at dei bør vera nokolunde trekanta. dei finn eit passande tre, og besten seier at dette skal han henta når det stundar mot jol. tre veker seinare har han gløymt kva for tre det var snakk om, og finn i staden eit firkanta tre som står på eigedomen til naboen.

biletet over er frå prøverunden i fjor, og spørsmålet er som vanleg: kva seier besten?

28.11.07

GUFFEFILM 4


det er ikkje lenge til dokumentarfilmfestivalen i volda, og då kan det jo vera greitt med ein ny guffefilm. sidan det stundar mot advent, har filmen denne gong eit relativt adventuelt tema. dei som har sett eldre guffefilmar vil likevel sjå at regissøren dreg vekslar på eldre produksjonar.

25.11.07

OSLO

me er på ein liten snartur til oslo. mor mi er komen litt i tidsnaud med omsyn til jolegåvehandlinga, og meininga var at ho skulle få tid til å kjøpa ei gåve eller to desse dagane. den planen fell litt i fisk, sidan ho har slumpa til å leggja inn møter og samkomer med alle ho har snakka med i oslo tidlegare, med unntak av ei kassadame på rimi, som døydde for nokre år sidan.

dagen før me reiste var me på jolebord i ørsta. det var som vanleg vellukka, og det som sit best spikra i minnet er eit innlegg som handla om soga til huset me var samla i. talaren skulle snakka i tretti minutt, men etter førti minutt var han knapt nok komen til hundreåret då huset vart bygd, så festleiaren såg ikkje anna råd enn å be han snakka litt om tapet i nokre minutt.

laurdag morgon flaug me til oslo. flyturen gjekk greitt, sett bort frå at eg spydde på far min to gonger. i oslo bur me i eit husvære med merkeleg lite dopapir, og der eigaren har sortert cd-ane sine på ein merkeleg måte.

20.11.07

NETTBUTIKK

i dag såg eg over rekneskapen for januar-oktober, og kom raskt fram til at det ikkje ligg an til store sprell i jolehandelen. eg er klar over at dette verkar rimeleg desperat, men likevel - einaste måten eg kan få meir pengar å handla for er å opna ein nettbutikk på guffebloggen.

eg veit sjølvsagt godt at ei slik kommersialisering kan føra heile prosjektet ut på ville vegar, men tek sjansen likevel. så langt har eg ikkje rare vareutvalet, men tek gjerne mot framlegg til andre varer som kan vera av interesse.

kalender 2008. kven har ikkje bruk for ein kalender? og kven har ikkje tenkt at ein kalender er utvegen når ein har gått tom for gode jolegåveidear? og kven har ikkje tenkt, når ein opnar ei jolegåve med ein kalender i, at her var det ein jolegåvegjevar som verkeleg hadde sett fantasien i sving? guffebloggen kan tilby ein kalender for 2008 med fleire av dei beste kva seier besten?-bileta. dei som tingar ein slik kalender før 30. april 2008 får eit upublisert kva seier besten?-bilete på kjøpet. å fastsetja prisen for ein slik godbit er ikkje lett, men me bruker prismekanismen aktivt, og sel kalenderen for 29,90 inkl. frakt.

bøker. så langt har me berre ei bok til sals, fred av arne garborg. denne kostar 29,90 inkl. frakt.

16.11.07

BESTEN 18

me lever i ein merkeleg tidsalder. etter tre veker utan datamaskin har foreldra mine no kome seg på nett igjen, etter å ha hatt datamaskina inne til reparasjon. datamaskinreparatørane fann sjølvsagt ikkje noko feil, og då far min pusla litt med kablane og leidningane bakpå datamaskina, viste det set at det slettes ikkje var noko gale. me lever altså i ein merkeleg tidsalder, men dette var visst eit dårleg døme.

i alle fall - tilhøva ligg godt til rette for ein liten auke i bloggeaktiviteten den neste tida. sidan det har vore lite tekst og endå mindre bilete på bloggen den siste månaden, prøver me med eit relativt nytt bestenbilete. biletet er frå sist laurdag, altså den dagen besto offisielt drog i gang jolebakstsesongen 2007. spørsmålet er som alltid: kva seier besten?

11.11.07

FLYTTING

mor mi og far min har endeleg funne ut kvar dei vil flytta. at dei vil vekk frå volda er ikkje noko bombe, men sidan det er så mange stader å velja mellom, har det altså teke litt tid å finna ut kvar vegen skal gå. spesielt far min har vore klar på at det er greitt å bu ein stad der alle skjønar at me høyrer heime, og med eit slikt utgangspunkt er det ikkje noko bombe at me til sommaren flyttar til tjukkebygdi.

så langt har dei kome opp med relativt få gode grunngjevingar for kvifor dei flyttar. dei to gjengangarane er at dei skal pussa opp eit gamalt hus, og at dei helst ikkje vil ha ungar som palataliserer.