15.7.11

TURISTAR

det er ikkje lett å ta sylskarpe bilete på lyntoget mellom voss og hønefoss, men likevel: når det er behov for slike skilt, kan det ikkje vera tvil om at det ikkje er nsb-passasjerane som treng eit nytt nsb, det er nsb som treng nye passasjerar.

og det er jo påfallande at før "framstegs"partiet vart skipa fanst det aldri slike skilt på todoar.

14.7.11

UNGARN 4

besto: Me har tenkt oss på folklorekveld litt for varmt helsar me går ut 1915

10.7.11

UNGARN 3

besto er ustoppeleg:

på+veg+til+orfu der me festa for å eta resta hels folket

UNGARN 2

fersk oppdatering frå ungarnferien til besto og besten:

Godt og varmt solheimane fornektar seg

Ikkje dei talte på 1jærsk 2engelsk 3tysk og 4ungarsk alle på same tida slik nokre setn om gngen åse hadde hadde lært nokre ord og uttrykk av ein ung musikar dansen var ein rkuffelse diskomusikk av högaste styrke og vel så det no må eg kle meg me skal på badin me drikk vatn i flaskevis godt over 3o gr f i n by og me slekta vert saman bus på same hotell helsar frå far som nett slo augo opp

9.7.11

UNGARN

besto og besten legg som vanleg ferien til eit land der gamalkommunistar vert mottekne som gamalkommunistar. i år står ungarn for tur, og no sende nett besto inn denne meldinga:

Me har kome vel fram lite soving tross god seng og aircomd skal sjå litt av byen idag i kyrkja kl 18 alle er her i huset litt vel varmt

- - -

guffemerknad: aircomd er hunden til besto

20.6.11

HURTIGRUTA

det har vore nokre drøymedagar for onklT. han har, slik dei fleste veit, til vane å vera heime på nasjonaldagen. ideelt sett ville han ha sett fjernsyn heile den dagen, men det går jo ikkje, sidan nrk insisterer på å visa ungar som marsjerer flaggviftande rundt, lett akkompagnerte av halvt deliriske korpsmusikantar.

no har nrk2 teke ansvar, og viser programmet "hurtigruta". det er som ei einaste lang nasjonaldagsending, berre utan all denne hersens marsjeringa. det dukkar rett nok opp uhøveleg mange korps, og det må vera litt irriterande for lettmatrosane på båten at dei ikkje kan leggja til kai utan at berlevåg mannskor dukkar opp og syng "å eg minnest, å eg minnest så vel dette land". ein kan seia mangt om korttidsminnet til mannskormedlemmar, men det er ikkje så utenkjeleg at dei minnest eit land dei står midt oppe i.

for besten og besto har programmet derimot vore ein einaste lang nedtur, og dei har lagt vekk alle planar om å ta denne turen. det går altfor seint, og dei meiner at namnet på ruta er heilt malplassert. slik går det når ein ikkje taklar ironi - på same måte som andre framståande kulturfenomen (fotballaget viking, framstegspartiet) er det tydeleg at hurtigruta har valt eit utprega ironisk namn.

13.6.11

SOMMARFEST

i dag var det sommarfest i barnehagen, og som vanleg var programmet noko heilt utanom det vanlege. denne gongen hadde dei tilsette funne ut at det var ein god ide om alle ungane kledde seg ut som figurar frå hakkebakkeskogen, medan me song "hanen stend på stabburshella". der er det jo ingen ord og uttrykk me slit med: hanen stend på stabburshella / bonden gjeve honom korn / rakkjen kvakkar i bergom nord / og julenissen bles i horn.

men det er mangt som vert klart så lenge festleiaren gløymer å slå på roperten, og i staden bruker det meste av taletida si til å ropa "høyrer de meg? høyrer de meg?"