23.11.08
JOLEFILM
komande helg skal me til oslo. vanlegvis låner me eitt av dei to romma til ei som pendlar litt mellom to folkemusikantar, og sidan ho denne gongen pendlar inn på det rommet me brukte sist, får me no låna rommet hjå mor hennar. det vert spanande.
dei siste åra har denne førjolsturen til oslo vore starten på adventstida for mor mi. ho tek med seg store mengder presangar, som ho leverer til folk ho ikkje er sikker på om om møter før jola er over. jola er like rundt hjørna, og i år ser det ut som om ho fører med seg noko særs skræmeleg: far min snakkar om å putta eit gamalt band together, i alle fall for ei øving i ein luguber kjellar. fem på sekso reknar med at ho vert invitert med, og har øvd inn nokre høvelege dansesteg.
19.11.08
JOL
den uventa store interessa for joletema har gjort at det er naudsynt med ein ny gallup, sjølv om me ikkje er komne lenger enn midt i november. eg har henta fram dei åtte ferskaste framlegga, og då er det vel ikkje anna å gjera enn å venta på resultatet. viss nokon brått kjem på andre idear, ser eg ikkje vekk frå at det kan verta ein ny runde gallup etter at denne er avslutta. den tid, den sorg.
12.11.08
JOL
dette vert den fyrste jola i eit framand land, så det heile vert truleg så annleis at alle tema passar inn. kom med framlegg snarast råd.
9.11.08
BESTEN 24
2.11.08
VAL
det spissar seg til i amerika. far min har som vanleg lagt opp til valvake natt til onsdag. den einaste som så langt har stadfesta at han kjem, er leiaren i volda vinstre. far min er rutinert, og reknar med at det kjem ei avbekrefting dagen før, av di leiaren i volda vinstre brått måtte til oslo. far min må difor trykkja i seg alle american pancakesane han har laga sjølv.valet er spanande, men dei av oss som hugsar serien 'i ville vesten', der zeb macahan, stamfar til kandidat john macahan, hadde ei sentral hovudrolle, er vel ikkje i tvil om at det hadde vore det beste for verdsfreden om han stakk av med det kvite huset.
28.10.08
SVIKT
det ser pikerten ut til at all teknikken i verda er i ferd med å svikta. no er det visst vorte slik at viss ein skal leggja inn ein signert kommentar på guffebloggen, må ein gje opp ei nettadresse. slik har det ikkje vore før, og eg reknar med at dei tilsette på det lokale bloggekontoret skal få litt å tenkja på når eg melder frå til dei. inntil dei får skikk på dette problemet, må altså kommentatorane anten dikta opp ei nettadresse, eller skriva inn ei som alt eksisterer.
det har òg vore litt svikt i den daglege oppsedinga. mor mi står trygt på ein pedagogisk plattform, og har difor ikkje gjort nokon feil så langt, medan far min er litt lausare i snippen. fredag ettermiddag, medan ein pizza både med og utan purre stod til lunk i steikeomnen, gjekk me gjennom det vanlege turnprogrammet. utover kvelden vart eg litt ør i foten. eg rekna fyrst med at det skuldast for mykje pizza, men mor mi meinte at det var tull, sidan a) ein skal eta bra mykje pizza før ein får vondt i foten, og b) eg hadde som vanleg berre pirka i pizzaen, livredd for at det skulle dukka opp eit eller fleire purrefjon.
dagen etter var det så gale at eg rett og slett måtte liggja på sofaen ei stund. etter 48 urørlege timar merka far min at noko var gale, så me tok turen til dokteren. han knadde litt, før han sende oss heim att, og vips - berre nokre timar seinare kunne eg halta. etter litt perfeksjonering har eg no same ganglaget som ein tidlegare kollega av mor mi, i tillegg til at alle ungane i barnehagen har gjeve meg oppnamnet 'feisingen'.

22.10.08
ØKONOMIPRISEN
den norske guffekomiteen kunngjer i dag at bjarte baasland er vinnar av guffeprisen i økonomi 2008.
bjarte baasland, luring og biskopson, siglar opp som ein av dei store heltane for guffebloggen. me er ein nasjon der alle vil klaga og kyta, oftast over kor lite pengar dei har, men baasland har på eige initiativ laga og prøvd ut ein plan som vil gje absolutt alle ein god slump med pengar.
slik er modellem: fyrst låner du 50-60 millionar frå foreldra dine og andre du slumpar til å kjenna. deretter opprettar du ein konto på eit utanlandsk gamblingbyrå, og satsar litt pengar histen og pisten. viss du greier å gå med overskot, betalar du tilbake pengane du har lånt, medan du lever godt resten av livet med pengane du har tent opp. viss du greier å gå med underskot, saksøkjer du berre gamblingbyrået, med grunngjevinga at du har eit speleproblem, og vips, så får du tilbake alle millionane.
viss baasland vinn saka mot gamblingbyrået, er difor kysten klar: sats alt du eig på alt du vil. det er uråd å tapa pengar, alt du treng er å lyga på deg eit speleproblem.
guffeprisen i økonomi er sponsa av gamblingbyrået bet365, og vinnaren får guffekalenderen 2008, pluss ein verdikupong på 100 kroner, som berre kan brukast hjå bet365.

Abonner på:
Innlegg (Atom)