23.3.10
BERGEN
sist veke masa mor mi så ekstremt mykje om at ho hadde fortent ein ferie, så fredag ettermiddag pakka me ein del godbitar inn i bilen, og køyrde til bergen så fort me kunne. der kjøpte me nye pyjamasar og sokkar, lærte mykje nytt på vitensenteret, såg på krokodillar og apekattar på akvariet, åt is, og sprang att og fram på eit minimalt stovegolv i fyllingsdalen. det regna litt i bergen.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
6 kommentarer:
kan du vera litt meir presis? Kor mykje regna det?
Eg vil også til Bergen!
frode: eg trur biletet gjev deg eit hint om kor mykje det regna.
ja, eg ser det no. det regna så mykje at det fekk take dette biletet. det er eit av dei finaste bileta eg har sett av kukola.
He-he. Den gong ei. Eg har ikkje vore i Bergen på lenge, så enten er bilete manipulert, eller så er det tele ved eit annan høve. Eller begge deler. Sjå på solsteiken. Det er noko som ikkej stemmer.
utgjort. her gjer heile verda alt dei kan for å spara straum i ein time. besto hadde til og med skrudd av utelampa. kukola, derimot, ser ikkje at dette er einaste måten ein kan stoppa klimaendringane på, og skriv heller bloggkommentarar på internett.
Legg inn en kommentar