skip to main |
skip to sidebar
no er det visst hakket før eg kan kalla meg odelsgut. i det høvet har mor mi teke meg med til fotograf, slik at eg kan ha ein passande dekorasjon på visittkortet. her om dagen fekk me vitjing av ein takstmann, som etter beste evne takserte det som kunne takserast. han verka rimeleg misnøgd med det meste, bortsett frå egg og ansjos-rundstykka besto trylla fram, så det vert vel ikkje rare taksten.garden har vore i slekta i umenneskelege tider, og namna på bonden har veksla mellom besten og onklT omtrent like lenge. i går var difor far min innom i folkeregisteret for å byta namn med onklT, slik at det vert lettare for dei som ein gong i framtida skal skriva gards- og ættesoge for garden og ætta. det er sjølvsagt dumt å byta namn rett før jol, spesielt i ei slekt der til dels store grupperingar er ferdig med jolehandelen for lenge sidan, men far min og onklT har funne ei grei løysing. dei samlar alle gåvene sine i ein haug. sidan begge to er ekstremt litterære, kastar dei alle gåvene som ikkje er bøker, og sorterer bøkene etter ei nøye gjennomtenkt ordning: dei bøkene som minner om hitchhiker's guide to the galaxy går til far min, medan dei som minner meir om fred av arne garborg går til onklT.
i helga var me i oslo, og det var som vanleg altfor travelt. som vanleg når me er i oslo budde me i eit husvære der eigarane lir under ein total mangel på kunnskap om korleis cd-ar skal lagrast, men me gjorde det beste ut av det. mor mi hadde lagt inn akkurat mange nok samkomer med kjende og ukjende, slik at ho no reknar seg for ferdig med trimminga for i år. eg og fem på seksa og far min satsa heller på ei innehelg, der me herpa ein del leiker, såg ein del filmar, og åt mykje dårleg mat. den einaste ekskursjonen vår var sundag føremiddag, då me såg på nokre livlause dyr og åt altfor mykje graut.resultatet frå fyrste runde i folkerøystinga om joletema er ferdig, og sjokkerande nok kom det inn 23 røyster. av dei åtte framlegga var det minimal interesse for dale-jol (0 røyster), og lita interesse for tonsurjol (1 røyst), bartejol (2) og nakenjol (2). dei fire andre fekk så godt som like mange røyster, så det er ikkje anna å gjera enn å lysa ut ein ny gallup, der òg nye framlegg frå gamle ordskifte vert tekne med.
komande helg skal me til oslo. vanlegvis låner me eitt av dei to romma til ei som pendlar litt mellom to folkemusikantar, og sidan ho denne gongen pendlar inn på det rommet me brukte sist, får me no låna rommet hjå mor hennar. det vert spanande.dei siste åra har denne førjolsturen til oslo vore starten på adventstida for mor mi. ho tek med seg store mengder presangar, som ho leverer til folk ho ikkje er sikker på om om møter før jola er over. jola er like rundt hjørna, og i år ser det ut som om ho fører med seg noko særs skræmeleg: far min snakkar om å putta eit gamalt band together, i alle fall for ei øving i ein luguber kjellar. fem på sekso reknar med at ho vert invitert med, og har øvd inn nokre høvelege dansesteg.
den uventa store interessa for joletema har gjort at det er naudsynt med ein ny gallup, sjølv om me ikkje er komne lenger enn midt i november. eg har henta fram dei åtte ferskaste framlegga, og då er det vel ikkje anna å gjera enn å venta på resultatet. viss nokon brått kjem på andre idear, ser eg ikkje vekk frå at det kan verta ein ny runde gallup etter at denne er avslutta. den tid, den sorg.
det var tider, det. nettene vert lengre, og det stundar igjen mot jol. det hastar difor med å fastsetja kva som skal vera temaet denne jola. biletet over er frå den sers vellukka kotelettjola for to år sidan, og sidan fleire av dei mest framfuse deltakarane frå det året skal vera samla også i år, kan det henda at ein kan semjast om eit interessant tema. i fjor var det homojol, men det var visst berre sånn delvis vellukka.
dette vert den fyrste jola i eit framand land, så det heile vert truleg så annleis at alle tema passar inn. kom med framlegg snarast råd.
etter dei mange storpolitiske innlegga den siste tida, kan det vera greitt med eit meir jordnært tema. slike tema veks ikkje på tre heime hjå oss, men eitt av dei jordnæraste er dette biletet, som for alt eg veit kan vera frå haustonna. spørsmålet er det vanlege - kva seier besten?
det spissar seg til i amerika. far min har som vanleg lagt opp til valvake natt til onsdag. den einaste som så langt har stadfesta at han kjem, er leiaren i volda vinstre. far min er rutinert, og reknar med at det kjem ei avbekrefting dagen før, av di leiaren i volda vinstre brått måtte til oslo. far min må difor trykkja i seg alle american pancakesane han har laga sjølv.
valet er spanande, men dei av oss som hugsar serien 'i ville vesten', der zeb macahan, stamfar til kandidat john macahan, hadde ei sentral hovudrolle, er vel ikkje i tvil om at det hadde vore det beste for verdsfreden om han stakk av med det kvite huset.