13.2.06

GUFFEPEDIA

i ei engelsk avis las eg ein artikkel som var rimeleg kritisk til det ikkje altfor kvalitetssikra nettleksikonet wikipedia. det skein gjennom at dette var noko kven som helst kunne stå bak, og sidan eg ser på meg sjølv som kven som helst, ser eg ikkje anna råd enn å starta mitt eige nettleksikon, guffepedia. fram til eg får ordna med eiga nettadresse vert det liggjande som ein del av guffebloggen.

på same måte som med wikipedia er det fritt fram for alle å senda inn artiklar - guffepedia tek mot alt. så send inn artiklar om kva som helst, men det er viktig at de kvalitetssikrar dei. akkurat korleis det best let seg gjera, veit eg ikkje.

det er viktig at artiklane er korte, og eg bør vel dra det heile i gang sjølv. på flyet heim frå england las eg ein underhaldande biografi om coen-brørne, og den fyrste guffepedia-artikkelen er inspirert av ei overskrift der ("omsett frå" passar forresten betre enn "inspirert av").

postmoderne. postmodernistar ringjer alltid to gonger.
tonsur (eller tonjulsur). jursjukdom, vanleg hjå oksar i slidre.

9.2.06

NEDTURAR

to nedturar å melda om i dag: nettmøtet med besten må utsetjast til neste veke. eg må nett ein liten tur til london for å sjå west ham, og det let seg dårleg kombinera med nettmøte, som vert tysdag eller onsdag.

den andre nedturen kom i fjell og vidde, medlemsbladet i ein organisasjon far min er med i. på framsida reklamerte dei med stor test av termosar, men eg vart rimeleg skuffa då eg bladde opp og såg at termosane vart vurderte etter kor lenge dei kunne halda varm drikke varm. kor tid vart det viktig for termosar?

8.2.06

DRØYMEFERIEN, DAG 23

(meiningslaus side?)
Sundag 5. august 1978. Høydalsmo - Voss
Eg vakna av at det banka på døra. Det var Margit. Ho lurte på om vi skulle eta alle i lag. Det vart til at vi gjorde det. Då vi hadde ete, reiste Olve bort til eigaren for å betala. Men han vart verande der lenge. Halldis og Arnstein gjekk bort for å sjå etter han. Men dei kom ikkje tilbake. Torvald, Kjartan og eg gjekk og bort. Då fekk vi sjå at dei såg på ein tam rev. Olve kom ut. Han hadde snakka med sonen til eigaren, som var lærar på ein folkehøgskule i Hamardistriktet. Vi gjekk bort til hyttene att. Der var alt klart for fotografering. Då det var unnagjort, reiste vi. Vi køyrde eit lite stykke då vi høyrde den lite hyggelege lyden vi hadde høyrt før. Tilhengeren var pungtert igjen. Det var like ved ein bensinstasjon. Far gjekk inn og snakka med karane der, og ei stund etter køyrde vi vidare. Vi køyrde over Haukeli, og kom ned i Røldal. Der måtte Kristine på do. Så køyrde vi bort til kyrkja, der var det offentleg do. Då ho var ferdig, køyrde vi til Odda. Der køyrde vi mot Kinsarvik. I Kinsarvik var det lang, lang kø. Så vi køyrde til Brimnes. Der trefte vi familien Fuglehaug. Dei kom med den fyrste ferja, vi kom med den andre. Ferja gjekk til Bruravik. Då vi køyrde mot Ulvik, sovna eg. Eg vakna ikkje før eg var langt oppe i Skejrvet. Eg låg der og halvsov til vi såg huset vårt frå Rene. Då vakna eg for alvor. Då vi kom til Palmafossen kjende til og med Kjartan seg igjen. Den lange ferda var slutt. Borte bra, men heime best.
[Send gjerne inn endå fleire spørsmål til nettmøtet med besten.]

7.2.06

DRØYMEFERIEN, DAG 22

(flat tango)
Laurdag 5. august 1978. Ås - Høydalsmo
[det manglar nokre bitar av to ark denne dagen er referert på, men dei fleste stadene seier det seg sjølv kva ord som manglar.]
Eg vakna nokså tidleg. Eg stod ikkje opp, berre låg der og slappa av. Etter ei stund vakna dei andre og. Vi åt frukost på kjøkkenet. Det vart litt prating. Vi fekk klede som var for småe til Gro og Bente. Vi reiste ei stund etter. Vi skulle til IKEA. Først gjekk vi inn og tok rulletrappa opp. Der var det mange møblar. I byrjinga tykte vi at det var morosamt å kikka på møblane, men etterkvart vart vi lei det. Torvald, Arnstein og eg gjekk ned att. For nokre år sidan hadde vi sett ein IKEA-katalog der det var bilete frå eit leikerom for borna. Vi fant leikerommet, men det var berre for barn under sju år. Vi stod og såg på dei som leika seg ei stund. Men det var ikkje så kjekt. Torvald og eg fann besten og spurde om me kunne få bilnøklane. Ja, det fekk vi, og så gjekk vi og sette oss i bilen. Vi las litt i blad. Etter ei stund kom dei andre, dei hadde kjøpt mykje rart. Besten pakka det inn i tilhengaren, og festa det som var der frå før på taket. Så reiste vi omsider vidare. Vi stogga for å eta etter ei stund. Torvald og eg spela sveltihel. Det var han som vant. Etter ei stund vart eg trøytt. Eg låg og halvsov. Utpå ettermiddagen stogga vi for å få litt frisk luft. I kveldinga byrja vi å sjå etter campingplassar. Vi var komne til Seljord. Men der var det eit stort ridestevne, så der var alt opptatt. Opp på folkehøgskulen reiste vi og, men der var det ikkje folk besten kjende. Så køyrde vi vidare. Eg og Torvald sat bak. Då såg eg ein trønderbil som var svært lik Olve og Margit sin. Dei synest han likna, både besten og besto. Då ropte eg: "Bilen kjem bak oss". Besten stogga, og det var Olve og Margit og Halldis. Då vart vi einige om at dei skulle snu og køyra saman med oss. Vi kom til Høydalsmo. Olve gjekk ut av bilen og bort til nokre ungdomar som stod der. Han spurde dei om det var nokon campingplass i nærleiken. Dei svarde at det var det, forklarte vegen, og så køyrde Olve bort dit campingplassen var og spurde om det var ledige hytter. Ja, det var faktisk to ledige. Han køyrde tilbake og henta oss. Vi fekk sjå at det var store hytter. Vi tok plass i den eine og trønderane i den hi. Margit og besto laga kveldsmat. Alle var samla rundt bordet. Det var faktisk litt dessert, [...] med ananas på deling. Det vart ikkje mykje på kvar, men det var godt allikevel. Etterpå prata vi om turen. Det både varte og rakk før vi vart ferdige med å prata. Då gjekk trønderane, og vossingane la seg.
[hugs nettmøtet med besten. dersom det ikkje kjem spørsmål, må eg laga dei sjølv. ]
Neste dag - sundag 6. august 1978

6.2.06

DRØYMEFERIEN, DAG 21

(trevor brooking, billy bonds, harry redknapp)
Fredag 4. august 1978. Ås
Det kunne like godt stått Oslo der det står Ås, for vi var i Oslo heile dagen. Men det var på Ås vi låg, så difor står det Ås der. Då eg vakna, såg eg Torvald og Arnstein sat og las. Eg kledde på meg og sette meg bort der eg også. Alle vakna etter ei stund, og vi åt. Då vi hadde ete, lot me maten få leggja seg til rette i magen før vi drog til Oslo. Der skulle vi først ut på Bygdøy. Vi parkerte bilen, og drog bort til huset der Kon-Tiki og Rå låg. Der løyste vi billett. Det var interessant å sjå dei to båtane. Under Kon-Tiki var det laga til slik at det såg ut som fiskar som symde rundt omkring. Det var også ei hole der det sat ein mann og såg på krukker. I bakgrunnen låg det ei sjelett. Etterpå såg vi på Fram. Der gjekk det an å gå ombord. Det gjekk også an å gå lenger nedover i skuta. Vi gjekk bort til vikingskipa. Mens vi var der, byrja det å regna. Lynte gjorde det også. Vi vart ståande der inne lenge. Men det berre heldt fram med å regna, så vi bestemte oss for å gå tilbake til husa der Ra, Kon-Tiki og Fram var. Derifrå gjekk det båt til rådhuset. Men då vi var komne eit stykke, såg vi at det stod ein buss ved ein busstopp. Der gjekk vi på, og køyrde til Oslo. Der hoppa vi innunder nokre små kuppelar som stod inntil veggen. Det var fordi det regna så fælt. Etter ei stund gjekk vi bortover gata. Vi såg etter Steen og Strøm. Gate opp og gate ned gjekk vi. Etter ei stund fann vi det. Der myldra det av folk. Først tok vi rulletrappa opp i tredje etasje. Der fekk vi vekeløna. Torvald og eg tok rulletrappa ned i fyrste etasje. Der var det platene var. Me lurte på kva plate me skulle kjøpa. Det vart til at me ikkje kjøpte noko plate i det heile tatt. I staden kjøpte vi kvar sitt blad. Eg kjøpte Fantomet, og Torvald kjøpte Agent X9. Etterpå tok vi rulletrappa opp i tredje etasje igjen. Der fann vi dei andre, som visst hadde problem med å bestemma seg. Men etterkvart hadde visst alle fått det dei ville ha, og vi reiste ned i fyrste etasje igjen. Vi grunda på kva vi skulle gjere, enten om far skulle ta båten opp til Bygdøy, eller om alle skulle gjere det. Det vart til at alle gjorde det. Vi kom oss bort til rådhuset og ned til båten. Det var berre til å gå rett ombord. Det var ein fin båttur, berre synd at det var stygt ver. Torvald og eg las blada vi hadde kjøpt. Då vi gjekk i land att på Bygdøy skunda vi oss opp til bilen. Alle kom seg inn, og så køyrde vi mot Ås. Vi kom då fram etter ei stund, og der stod middagen og venta på oss. Steik. Namnam. Då vi hadde ete, vart det prating om turen vi hadde hatt til Oslo. Klokka var mykje, og snart la vi oss.
[Eg minner om at besten stiller til nettmøte når refereringa er over. Du kan senda inn spørsmål alt no.]
Neste dag - laurdag 5. august 1978

5.2.06

BRUASET 3

der ingen skulle tru at nokon kunne bu, del III:
sydpolen

KONGEDINGLING

på fredag dressa far min seg opp med lånt jakke og lånt slips og trippa inn til kongevisitasen. han vart sitjande med fri sikt til vip-bordet, og merka seg såleis at kongen og prinsen gjorde heller lite av seg. det mest interessante var at dei, ikkje uventa, passa på å le godt når alle andre lo godt, og at kongen er ein racer til å tømma vinglas.

meir overraskande var det at far min trefte onkel K på kongevisitasen. og der far min stilte relativt nystrigla, utmerka onkel K seg med å stilla ubarbert, utan slips, med skrukkete skjorte, med skrukkete lys dress (sjølv om det visstnok stod i invitasjonen at antrekket var bunad eller myrk dress), med å koma fem minutt for seint, med å ta stolen til jon fosse, og med å vera einaste som reiste før det heile var slutt. det er såleis ikkje tvil om kven som er mest opprørsk av far min og onkel K, sjølv om far min får eit plusspoeng for å ha vist fingeren i lomma opptil fleire gonger.