7.2.06

DRØYMEFERIEN, DAG 22

(flat tango)
Laurdag 5. august 1978. Ås - Høydalsmo
[det manglar nokre bitar av to ark denne dagen er referert på, men dei fleste stadene seier det seg sjølv kva ord som manglar.]
Eg vakna nokså tidleg. Eg stod ikkje opp, berre låg der og slappa av. Etter ei stund vakna dei andre og. Vi åt frukost på kjøkkenet. Det vart litt prating. Vi fekk klede som var for småe til Gro og Bente. Vi reiste ei stund etter. Vi skulle til IKEA. Først gjekk vi inn og tok rulletrappa opp. Der var det mange møblar. I byrjinga tykte vi at det var morosamt å kikka på møblane, men etterkvart vart vi lei det. Torvald, Arnstein og eg gjekk ned att. For nokre år sidan hadde vi sett ein IKEA-katalog der det var bilete frå eit leikerom for borna. Vi fant leikerommet, men det var berre for barn under sju år. Vi stod og såg på dei som leika seg ei stund. Men det var ikkje så kjekt. Torvald og eg fann besten og spurde om me kunne få bilnøklane. Ja, det fekk vi, og så gjekk vi og sette oss i bilen. Vi las litt i blad. Etter ei stund kom dei andre, dei hadde kjøpt mykje rart. Besten pakka det inn i tilhengaren, og festa det som var der frå før på taket. Så reiste vi omsider vidare. Vi stogga for å eta etter ei stund. Torvald og eg spela sveltihel. Det var han som vant. Etter ei stund vart eg trøytt. Eg låg og halvsov. Utpå ettermiddagen stogga vi for å få litt frisk luft. I kveldinga byrja vi å sjå etter campingplassar. Vi var komne til Seljord. Men der var det eit stort ridestevne, så der var alt opptatt. Opp på folkehøgskulen reiste vi og, men der var det ikkje folk besten kjende. Så køyrde vi vidare. Eg og Torvald sat bak. Då såg eg ein trønderbil som var svært lik Olve og Margit sin. Dei synest han likna, både besten og besto. Då ropte eg: "Bilen kjem bak oss". Besten stogga, og det var Olve og Margit og Halldis. Då vart vi einige om at dei skulle snu og køyra saman med oss. Vi kom til Høydalsmo. Olve gjekk ut av bilen og bort til nokre ungdomar som stod der. Han spurde dei om det var nokon campingplass i nærleiken. Dei svarde at det var det, forklarte vegen, og så køyrde Olve bort dit campingplassen var og spurde om det var ledige hytter. Ja, det var faktisk to ledige. Han køyrde tilbake og henta oss. Vi fekk sjå at det var store hytter. Vi tok plass i den eine og trønderane i den hi. Margit og besto laga kveldsmat. Alle var samla rundt bordet. Det var faktisk litt dessert, [...] med ananas på deling. Det vart ikkje mykje på kvar, men det var godt allikevel. Etterpå prata vi om turen. Det både varte og rakk før vi vart ferdige med å prata. Då gjekk trønderane, og vossingane la seg.
[hugs nettmøtet med besten. dersom det ikkje kjem spørsmål, må eg laga dei sjølv. ]
Neste dag - sundag 6. august 1978

6 kommentarer:

Ragnhild Bjorge sa...

Korleis spelar ein sveltihel? Og kan ein verkeleg gjera det samstundes som ein et?

guffen sa...

godt spørsmål, som eg reknar med at besten kjem til å svara på i nettmøtet.

Anonym sa...

Køyrde de verkeleg aldri over 60 km/t på heile turen?

Mor

Anonym sa...

Vart den finske versjonen av "Danse mi vise, gråte min sang" ein suksess?

Mor

Anonym sa...

Etter ikeahandlinga legg besten det som vart handla inn i hengaren, og så legg han det som var der frå før på taket. Betyr det at alt som var i hengaren eigentleg kunne ha fått plass på taket heile tida? Og kva ville det i tilfelle gjort for utsikta til dei som sat bak?

Anonym sa...

Hei

Eg klikka på linken til brooking, bond og redknapp frå i går, men kom berre til ei heilt meingslaus side. Er det ein feil her?