31.1.06

NETTMØTE

det er dårleg timing å ta ein pause i refereringa frå drøymeferien til far min rett før turen er over, men det er ikkje anna råd. sidan far min skal i kongevisitas, meiner mor mi at eg og ho skal stå utanfor kongehuset og vinka med eit flagg. me fer til oslo i morgon tidleg, og der er programmet så tett at det ikkje vert tid til daglege oppdateringar. eg tek difor til att tur-rapportering sundag kveld, når me er heime att.

besten, som var sjåfør og dermed køyrde i 60 til finnmark og attende, har sagt seg villig til å stilla på eit nettmøte etter at reiseskildringa er over, altså onsdag i neste veke. de kan sikkert senda inn spørsmål alt no, dersom det er noko de lurer på.

i dag har forresten foreldra mine vore i lag i ti år. mor mi feira dagen med å piska litt krem; far min var meir oppteken av å kasta ein holete og nyvaska stillongs.

5 kommentarer:

Ragnhild Bjorge sa...

Til lukke med dagen til foreldra dine, Guffen.

Anonym sa...

Eg veddar tjue på at det ikkje er kongen som kjem.

Anonym sa...

Var det Torvald som gjekk av med dei fleste sigrane i dei ulike tevlingane undervegs?

Anonym sa...

spm til besten... kvifor berre svenske songer på turen???

Anonym sa...

Spm til Aslak
Tykkjer du at verda ville vore ein betre stad om den berre innehaldt folkehøgskular, bensinstasjonar og campingplassar?

Vidar