25.2.06

VINTERFERIE

far min slo på stortromma dette året, og inviterte resten av hushaldet med på ein 48-timars vinterferie. fyrste kvelden vart eg kasta av hjå besten og besto, før foreldra mine køyrde vidare til kristiansund, der dei var på konsert med ein lovande pianist frå haugesund. på heimvegen stappa mor mi i seg delar av ein familiepakning med bridge-blanding - ho la sjølvsagt vekk alle dei bitane ho ikkje likte, slik at far min kunne storkosa seg med dei dagen etter. det må ha vore omtrent då ho fekk ein forretningsidé som var nokolunde god (til ho å vera). ho kjøper inn eit par hundre posar bridge-blanding, tømmer alt i eit stort mjølkespann, og sorterer deretter blandinga slik at alle sortar ligg for seg. deretter lagar ho ei nettside der folk kan komponera si eiga bridge-blanding. dei merkar av dei bitane dei vil ha, sender denne tinginga til ho, som deretter sender ut blandingane. for meg luktar dette som ein temmeleg solid tap/tap-situasjon.

resten av ferien var me hjå besten og besto. det mest minneverdige som hende der var at far min kondemnerte den nye traktoren til besten, og at besto inviterte på fastelavensbollar to dagar før fastelaven. trugne lesarar vil hugsa at besto også ved tidlegare høve har feira viktige merkedagar lenge før resten av verda. hovudargumentet er at gjestane er innom nokre dagar før sjølve merkedagen, og at dei vanlegvis er over alle haugar når merkedagen dukkar opp. mor mi fortel at det også er slik før jol. dersom syskena til mor mi skal feira jol andre stader enn heime lagar besto gjerne jolemiddag både tre og fire sundagar i desember, for å vera sikker på at alle ungane får jolemat det året. på veg heim etter denne storhendinga, med store mengder fastelavenskokos i magen, slo det meg at sidan det likevel ikkje er viktig kva dag desse merkedagane vert høgtida på, måtte det enklaste vera å samla alle besto kjenner ei helg. denne helga kunne ein feira både fastelaven, farsdag, jol, gebursdagar, bryllaup, dåp, fødslar, påske, pinse og alt det andre på ein gong, og la det gjelda for dei komande femti åra, slik at ein var ferdig med det.

22.2.06

FIASKO

i aktualitetsprogrammet tabloid på tv2 i kveld tek dei i dag fylgjande spørsmål opp til drøfting: kvifor er den norske ol-deltakinga ein total fiasko? kven programleiar pål t. jørgensen har invitert til å snakka om dette orkar eg ikkje eingong tenkja på, men eg reknar med at både siv jensen og carl i. hagen får plass i panelet. (jørgensen har forresten krabba heilt opp på tredjeplass på lista over fjernsynsfolk som bør finna seg ein annan jobb. [det er vel unødvendig å nemna at dei to som toppar lista er toppen bech og dorthe skappel.])

kvar går grensa for ein fiasko i tv2? dei norske atletane har slite med sjukdom, formsvikt, skismurning, sabotasje av gevær (frode andresen), tjuveri (alle bortsett frå frode andresen), dårleg ver og kjell kristian rike, og på toppen av alt prøver konkurrentane å slå dei. likevel er noreg landet med flest sylv (delt med tyskland) og flest bronse. tre land har rett nok fleire medaljer totalt, men så lenge dei tre landa er tyskland, austerrike og usa er ikkje det noko å skamma seg over.

besten er forresten kjempenøgd med ol. voss sende tre deltakarar til ol, og så langt har dei skrapa saman fire medaljer.

17.2.06

NETTMØTET

då er nettmøtet over. takk til besten som gjorde så godt han kunne. send gjerne inn framlegg på personar som kan svara på dei same spørsmåla. eller på andre spørsmål.

Sinatra
Hei Besten! Er ikkje Sinatra godteken som ein god nok amerikanar? Klem, Frode Rolandsgard
Mange meiner han kjempa på feil side i slaget ved Gettysburg. Beste helsing Besten

Afrika
Har du høyrt noko frå Arnfinn? Ola
Ikkje sidan han for til Afrika. Beste helsing Besten

1991
sa eg at kyrkjetenaren var russ i 1991? Guffen
Nei, det var nytt for meg. Beste helsing Besten

Hår
Har du eit godt tips for slike som misser håret alt i konfirmasjonsalderen? Lasn
Gå med huve. Beste helsing Besten

Smil
Kvifor smiler ikkje far din på Aasenbiletet på den rosa bloggen? Kukola
Aasenfolk er alvorsmenneske. Beste helsing Besten

Tiger
Kva gale har tigeren og skilpaddo gjort? Anonymous
Kva godt har dei gjort? Beste helsing Besten

Seriefinala
Er du sikker på at det ikkje var eit opptake av seriefinale i 2. divisjon i 79? Hammerhead
Skjønar ikkje spørsmålet. Beste helsing Besten

Tevlingar
Var det Torvald som gjekk av med dei fleste sigrane i dei ulike tevlingane undervegs? Torvald
Kven skreiv referatet? Beste helsing Besten

Svensk
kvifor berre svenske songer på turen??? Anonymous
K og K kunne ikkje russisk. Beste helsing Besten

Bensin
Tykkjer du at verda ville vore ein betre stad om den berre innehaldt folkehøgskular, bensinstasjonar og campingplassar? Vidar
Absolutt. Men det burde også vore andre institusjonar som kunne gje opplæring i norsk, der dei som trong det kunne læra å bøya innehalda, t.d. Beste helsing Besten

Bading
Hei Besten! "Då vart det til at vi skulle ha hytta til ho som tok pengar frå dei som skulle bada..."Kvifor? Fekk de hytta hennar av di ho hadde take pengane dykkar då de bada? Klem frå Frode
Sannsynlegvis. Eit anna døme på bøyingsmønster som det burde vore rettleiing i, er verbet å taka. Beste helsing Besten

Masaryk
Kan du fortelja litt meir om Thomas masaryk? Anonymous
Han ynskte seg ein Volvo, men han hadde ikkje pengar til det, diverre. Beste helsing Besten

Sytii
Kjem det nokon kortversjon av dette seinare, eller må lese alt for å få med seg kva bilmerke som var mest populært på sytiitalet? Kukola Johansen
Kva er sytiitalet? Beste helsing Besten

Volvo
Er besten klar til nettmøte? Eg ser på "Spør Aslak" vert svaret stort sett Volvo same kva ein spør om. Vert det slik no òg? Ragnhild Bjørge
Nei. Beste helsing Besten

Kolon
Hei Besten!! Kvifor står det biletredaksjon:: Ottar Grepstad og Eirik Helleve, i boka "Viljen til språk?". Skal det vera to kolon når det er to personar? Stor klem frå Frode
Det kunne vore nok med eit kolon og så eit spørjeteikn. Beste helsing Besten


Konstituering
Hei Besten! Kvifor vart du konstituert som målungdomsleiar i 1969? Ville dei ikkje velje deg på den vanlege måten? Enorm klem frå Frode
Coup de main. Beste helsing Besten

Konstituering
Hei Besten! Kvifor vart du konstituert som målungdomsleiar i 1969? Ville dei ikkje velje deg på den vanlege måten? Koz og klemz, Frode
Ikkje mas! Beste helsing Besten

Kortspeling
Korleis spelar ein sveltihel? Og kan ein verkeleg gjera det samstundes som ein et? Ragnhild Bjørge
Dette får du meg ikkje til å svara på. Beste helsing Besten


Fartsgrense
Køyrde de verkeleg aldri over 60 km/t på heile turen? Besto
Berre når du sov i bilen. Beste helsing Besten


Finsk
Vart den finske versjonen av "Danse mi vise, gråte min sang" ein suksess? Mor
Den finske teksten kan omsetjast til norsk, slik: Gråte mi vise, gråte min sang. Knallsuksess! Beste helsing Besten


IKEA
Etter ikeahandlinga legg besten det som vart handla inn i hengaren, og så legg han det som var der frå før på taket. Betyr det at alt som var i hengaren eigentleg kunne ha fått plass på taket heile tida? Og kva ville det i tilfelle gjort for utsikta til dei som sat bak? Mor
Til fyrste delen: Me hadde ete opp maten, unnateke den bytta med poteter, så det var lite att i hengjaren då me kom til IKEA. Kva skulle dei som sat bak med utsikt? Beste helsing Besten


Brooking
Eg klikka på linken til brooking, bond og redknapp frå i går, men kom berre til ei heilt meingslaus side. Er det ein feil her? Vidar
Ja, sikkert. Beste helsing Besten

16.2.06

SALT

mor mi innrømmer i kveld at ho berre dikta opp ein saltpris hin dagen. no har ho sjekka, og eg har korrigert saltmengda som ligg og ventar på lam bystol.

BESTEN

besten har vore travelt oppteken med festing i oslo den siste veka. men no melder han at han er nokolunde tilsnakkandes igjen, slik at det tinglyste nettmøtet vert fredag kveld, rett etter vermeldinga. for oss andre vil vel det seia halv åtte. han takkar for mange gode innkomne spørsmål, men tek òg mot spørsmål fram til og under nettmøtet.

BRUASET 4

der ingen skulle tru at nokon kunne bu, del IV:
oppdal

14.2.06

BYSTOL

den elles så pålitelege oslo-avisa aftenposten har i dag ein reportasje om privatøkonomien til den relativt edruelege skihopparen lars bystøl. der står det så mykje dumt at til og med eg, som ikkje er spesielt oppteken av skihopp, må reagera.

bystøl har fått ein slant i ny og ne frå nokre rike onklar i lokalmijløet, og avisa har fått bystøl til å skriva ei helsing til desse. dei viser fram eit bilete av lappen, der bystøl har skrive "Takk Til Alle so har Bidratt" og skrive under med "Lam Bystol". dette omtalar aftenposten som "ekte vossamål". vidare seier ein av dei lokale gjevarane, ole martin vevatne: "Vi samlet inn 75 000 kroner slik at han hadde til salt i grøten". hallo? kor mykje salt treng ein i grauten? på coop mega kostar eit kilo salt omtrent seks kroner. 75 000 kroner skulle altså halda til litt over tolv tonn salt. heime hjå oss bruker me omtrent ein knivsodd salt kvar gong me lagar graut. bystøl ser rett nok ut som om han bruker minst tre gonger så mykje, men tolv tonn salt? dersom dei absolutt skal samla inn pengar til bystøl, kunne dei kanskje opna for at han kunne bruka pengane på noko han hadde bruk for?