7.11.05

CUPFINALEN

i helga såg eg cupfinalen for fyrste gong. me var hjå besten og besto. eg trur eg satsar på å vera ein annan stad under fotball-vm til neste år. her er eit lite utval høgdepunkt:

* kongen viser seg på tribunen
besto: der kjem han, ja. nei - har han på seg eit gult slips? uff. han burde hatt eit raudt.

* jan werner syng nasjonalsongen
besto: kva er dette for noko tull? og kvifor går han i frakk?

* mor mi hentar fram ein gamal kjepphest
mor mi: er du ikkje samd i at alle burde spela på eit lag frå heimstaden sin?
besto: jau. [det dukkar tilfeldigvis opp ein neger i moldedrakt.] ja, sjå på han der, til dømes.
mor mi: det var ikkje akkurat det eg meinte. men alle som spelar på molde burde vera frå molde, og alle som spelar på kristiansund burde vera frå kristiansund.
besto: ja, det er rett. og folk som er innflyttarar til ein by kan ikkje kalla laget sitt opp etter den byen, men må ta eit anna namn. som gutta boys.

* banen er eit gjørmehav, og draktene vert skitne
besto: ja, eg er glad det ikkje er eg som skal vaska opp.


* besto serverer middag
besto: ja, no må di eta.

* molde skårar
far min: der skåra molde.
besto (fem minutt seinare): nei, er det 1-0 til molde?

* dommaren dømmer straffe rett før slutt
mor mi: kvifor dømmer han straffe der? no vert det jo uavgjort og ekstraomgangar. hadde han latt vera å blåsa hadde me jo vorte fortare ferdig.

besto: vert det ekstraomgangar? stakkars kongen, som står der og frys. og me kan ikkje venta heilt til kampen er slutt før me et farsdagskake.
mor mi: er det ikkje neste helg det er farsdag?
besto: jau, men då er jo ingen heime.

* lillestrøm skårar på straffe
besto: jaja, no er det ikkje vits i å lesa avisene i morgon. det kjem til å stå side opp og ned om straffen som var feil.

* uwe rösler går til garderoben eitt minutt før slutt.
besto: nei, byter dei ut dommaren?

1 kommentar:

Ragnhild Bjorge sa...

Hi, hi! Det var eit interessant opprit frå finalen, og veldig morosamt. Har kjensla av at eg har vore borti liknande situasjonar tidlegare. Men dei ser på kampen, det skal dei ha, desse som ikkje bryr seg om fotball!