14.2.06

BYSTOL

den elles så pålitelege oslo-avisa aftenposten har i dag ein reportasje om privatøkonomien til den relativt edruelege skihopparen lars bystøl. der står det så mykje dumt at til og med eg, som ikkje er spesielt oppteken av skihopp, må reagera.

bystøl har fått ein slant i ny og ne frå nokre rike onklar i lokalmijløet, og avisa har fått bystøl til å skriva ei helsing til desse. dei viser fram eit bilete av lappen, der bystøl har skrive "Takk Til Alle so har Bidratt" og skrive under med "Lam Bystol". dette omtalar aftenposten som "ekte vossamål". vidare seier ein av dei lokale gjevarane, ole martin vevatne: "Vi samlet inn 75 000 kroner slik at han hadde til salt i grøten". hallo? kor mykje salt treng ein i grauten? på coop mega kostar eit kilo salt omtrent seks kroner. 75 000 kroner skulle altså halda til litt over tolv tonn salt. heime hjå oss bruker me omtrent ein knivsodd salt kvar gong me lagar graut. bystøl ser rett nok ut som om han bruker minst tre gonger så mykje, men tolv tonn salt? dersom dei absolutt skal samla inn pengar til bystøl, kunne dei kanskje opna for at han kunne bruka pengane på noko han hadde bruk for?

5 kommentarer:

Anonym sa...

Eg synest at dei burde samle inn pengar til han så han fekk seg ei tannregulering. Makan til dårleg premieglis, altso!

Anonym sa...

No synest eg du er urimeleg og småleg, Guffen. Vil han ha salt, så gje han salt.

guffen sa...

far min seier at du kunne trengt tolv tonn salt for å få litt smak på maten den gongen du laga sellerirotstuing med kålrabi i staden for sellerirot.

Anonym sa...

Sei til far din at det er merkjeleg at han har fått ein så oppvakt son som deg. Han er sjølv ikkje så mykje å høyre på, men du Guffen, virkar både klok og intelligent. Har du slekt i Valdres?

guffen sa...

nei, eg har ikkje slekt i valdres, men postmannen i gamlevegen kjem derfrå.