12.10.06
PROBLEM
av ein eller annan grunn har det dukka opp nokre tekniske problem på guffebloggen. desse vert sjølvsagt ordna snarast råd.
11.10.06
KØBENHAVN
det er vanskeleg å omtala turen til københavn utan å nytta ordet braksuksess. frå start til mål var det ein tur som viste at foreldra mine er nokre kløpparar til å koma på meiningsfulle aktivitetar, slik at det nesten vart i meste laget. her er nokre høgdepunkt.* kvar dag tok me ein kikk på den lille havfrue
* husværet me budde i hadde ein jamn og fin romtemperatur rundt 25 grader.
* det var svært gode dvd-tilbod på free record shop øvst i gågata.
* toga i danmark går alltid dit dei skal.
* eg fekk godt med mat.
* stefar til tante M inviterte oss med på magedans.
* mor mi og tante I handla i dagevis utan å kjøpa noko.
* på louisiana har dei fjerna to av fløyane.
* på biblioteket såg me ein del stolne bøker.
SJOKOLADE
det kjem eit referat frå københavnturen seinare i dag, men denne meldinga hastar det med å få ut. på veg til parkeringsplassen på flesland i går fann mor mi ein sjokolade på fortauet. me tok denne med, sjølvsagt, men har ikkje opna han enno. dersom nokon har mist ein sjokolade i fleslandsdistriktet den siste veka, kan dei senda melding om det hit. eg er relativt lettlurt, men ikkje så lettlurt at eg sender sjokoladen til kven som helst - det må sjølvsagt vera til ein som veit kva sjokolade det er snakk om. så den fyrste som sender rett sjokoladenamn hit får sjokoladen i posten.
POSTKASSE #8
grunna ekspedisjonen til københavn vart det ikkje lagt ut noko ny nasjonalpostkassekandidat denne sundagen, men no er endeleg ei ny postkasse klar. denne er, slik det framgår av klistremerka og dei interessante namna, trygt plassert i københavn.det har kome inn mange stemmer sidan sist, også på postkasser som har vore presenterte tidlegare. stillinga har difor endra seg, men mykje kan framleis henda i denne ekstremt spanande tevlinga.
reglane skulle vera kjende, men kortversjonen er at alle nettbrukarar i heile verda har høve til å røysta på postkassene. skalaen går frå 1 poeng (ueigna til å vera nasjonalpostkasse) til 10 000 poeng (heller godt eigna til dette oppdraget). kvar og ein kan berre gje poeng til ei og same kasse tre gonger, men røystetale må då vera sirkulære. dei som røyster anonymt kan berre røysta på same kasse to gonger.
stillinga så langt:
postkasse #6: 6012
postkasse #3: 5009,5
postkasse #1: 4906,2
postkasse #5: 2882
postkasse #2: 2028,3
postkasse #7: 1100
postkasse #4: 17
nokre brukarar har oppmoda meg om å laga ein ponegoversikt, og det kan eg godt gjera. så langt har postkassene skrapa saman 1876 poneg.
5.10.06
MERKESTEIN #2
bergen, 4. oktober, under ei vitjing hjå storebror anders:
for fyrste gong i livet søler eg vin.
for fyrste gong i livet søler eg vin.
2.10.06
KØBENHAVN
no reiser eg og mor mi og far min på haustferie til københavn. for at eg skal vera budd på kva som møter meg der, har far min dei siste dagane lese diktet om gåsa og katten og hanen opptil fleire gonger kvar dag. diktet grip meg ikkje noko særleg, så for å ha noko å gjera medan far min etter beste evne dramatiserer hendingane i diktet, moroar eg med å stabla hovudpersonane i diktet oppå kvarandre. tante I vert med på turen, slik at me reknar med at det vert nippa endå meir vin enn vanleg. i tillegg er ho like glad som mor mi i å gå og gå i butikkar utan å kjøpa noko, så det er fare for at far min og eg, som begge er så til dei grader kulturinteresserte, har valet mellom å gå på glyptoteket åleine eller å sitja i husveret og sjå fjernsynsprogram om pølser i svøb.
viss nokon vil ha noko i taxen, kan dei berre melda frå.
1.10.06
POSTKASSE #7
nokon vil sikkert hevda at interessa for kåringa av nasjonalpostkasse dabbar av. så langt har me ikkje registrert godkjende røyster på postkasse #6, men det skuldast heilt sikkert haustferien og liknande påfunn, så kåringa held fram, med omtrent same glød og entusiasme som i gamle dagar.eg var ein snartur hjå besten og besto for ei veke sidan. dei er trugne lesarar av meldingsbladet til postvesenet, og sidan det bladet hadde ein dominerande plass i fjernsynskroken, merka eg meg at dei hadde kåra den flottaste postkassa i landet. å vera flott er sjølvsagt ikkje det same som å vera nasjonal, så me tek med vinnarepostkassa deira, for å sjå om ho har noko å fara med i nasjonalpostkassekåringa. sidan biletet er lånt frå nettsida til posten, har det sjølvsagt ikkje same kvalitet som dei andre bileta i tevlinga, men motivet skulle koma greitt fram likevel.
reglane er som før: du gjev postkassene poeng mellom 10000 (ideell som nasjonalpostkasse) og 1 (uaktuell som nasjonalpostkasse). same person kan røysta maks tre gonger på ei og same kasse, og i slike tilfelle må røystetala gå opp i opp. usle feigingar som ikkje torer å vedkjenna seg handlingane sine kan røysta anonymt, men kan då berre røysta to gonger på same kasse. fristen for å røysta på tidlegare presenterte postkasser har ikkje gått ut, så det er framleis råd å påverka stillinga.
stillinga så langt:
postkasse #3: 5009,5
postkasse #1: 4906,2
postkasse #5: 4318
postkasse #2: 2028,3
postkasse #4: 17
postkasse #6: -
Abonner på:
Innlegg (Atom)