17.9.06

POSTKASSE #5

som venta var det ikkje mange som meinte at kystpostkassa sist sundag fortente tittelen noregs nasjonalpostkasse, og skåren vart difor låg. denne gongen har me henta fram eit meir agrart postkassemotiv - dei delikate sauene kjem best fram dersom de forstørrer biletet ved eit dobbeltklikk eller to. reglane er som før - de gjev 10000 poeng til postkasser de meiner kan passa som nasjonalpostkasse, og 1 poeng til postkasser som ikkje bør ta på seg dette vervet. det er ikkje for seint å røysta på postkasser som tidlegare har vore presenterte, men hugs at kvar person berre kan røysta tre gonger på kvar postkasse, og at poengsummane då må vera kvadratiske. dersom du røyster anonymt, kan du berre røysta to gonger på ei og same kasse.

send gjerne inn bilete av postkasser som bør vera med i tevlinga.

stillinga så langt:

postkasse #3: 5009,5
postkasse #1: 4906,2
postkasse #2: 2028,3
postkasse #4: 17

ny postkasse neste sundag, truleg seint på kvelden.

3 kommentarer:

Anonym sa...

Nydeleg, men 3864 poeng trekk for at postkassa presenterer eit jordbrukslandskap utan traktorar.

Poeng: 6136

Anonym sa...

Sauene er fine, med mykje ull og lite skrik. Eg trur eg får gje ca 2500 poeng.

Anonym sa...

Eg forstod ikkje teksten på postkassa = 10 poeng.