27.5.07

MUS

dei siste dagane har tante b og han med e vore på vijting. eg har gjort mitt beste for å forklara han med e kven som regjerer i gamlingsen, men han sleit diverre med å ta ein del enkle hint, slik at det var ikkje anna råd enn å kakka han i skallen kvar gong eg fekk sjansen. bortsett frå dette kommuniserte me uventa bra.

sidan det var heilt uaktuelt for meg å flytta ut frå rommet mitt, vart dei to gjestane plasserte på kontoret. der bur det, som alle veit, store mengder mus til dagleg, så eine natta vart mysene til så stor plage at tante b og han med e laut flytta ut i stova. eg visste ikkje at det var færre gnagarar der, men så har eg då heller aldri vist større interesse for dei.

på dagtid hadde mor mi mest å jubla for. endeleg var her nokon andre som hadde interesse av å gå inn og ut av strikke- og skobutikkar der alle andre kundar har passert åtti og vel så det.

tante b fekk forresten ikkje like mykje å jubla for som ho hadde von om. ho leverte fire rette svar på nasjonaltevlinga, men juryen gjekk samrøystes inn for at ho hadde vore for passiv dei to fyrste rundane. hovudpremien går difor til sjur mossige, som alt frå runde ein viste at han hadde store kunnskapar om den nynorske songskatten. me ynskjer til lukke.

25.5.07

BESTEN 9


siste nytt frå gamlevegen er at too har skifta namn igjen. alle likar namnet too, men diverre er det vanskeleg for utlendingar å uttala det. dei fleste prøver med ein variant av det engelske ordet too, slik at det verkar som om too er i slekt med torvald tu. det er sjølvsagt lite interessant, så frå no av heiter too kvart på too.

for å feira det nye namnet har me a) herpa barnevogna mi, slik at eg ikkje kan rekna med å få noko frisk luft dei neste vekene, og b) funne eit nytt bilete av besten. spørsmålet er som vanleg: kva seier besten?

23.5.07

BESTENFOTO


medan me ventar på at det skal dukka opp eit nytt kva seier besten?-bilete, kan me retteleg kosa oss med dette biletet i staden. besten står på farten til island, og har difor kjøpt seg nytt digitalkamera i høve turen. me takkar for det innsende biletet, og tek gjerne mot bilete frå island.

20.5.07

NASJONALGALLERIET

i tillegg til å ropa hurra for alle i kongefamilien (bortsett frå dei som ikkje bur i brasil), og for alle krigssiglarane og gutane på skogen, var dette høgdepunkta frå 17.mai-feiringa i volda:

folketoget. mor mi og alle andre kan knapt venta på at folketoget går ned hovudgata.

ananasbrus. også i år gjekk pylsebuene tidleg tom for ananasbrus, men til alt hell greidde me å få tak i ei flaske likevel.
melis. far min kjøpte ikkje is til meg i år heller, men smurde heller andletet mitt inn med melis, slik at alle andre skulle tru at eg hadde fått is.

16.5.07

TEVLING 3

i dag viste det seg at me har teke feil. heilt sidan 9. april, då toen vart fødd, har me trudd at han var ein gut. i dag var me innom på helsestasjonen for å kontrollera litt. ein må nesten gå ut frå at barnedokteren veit kva ho snakkar om, og sidan ho konsekvent omtalte toen som "ho", også etter at ho hadde rive av han bleia for å sjekka om urinblæra heldt på å renna over, må me nesten gå ut frå at toen er ei jente. inntil foreldra mine får dikta opp eit høveleg namn, vert ho difor omtalt som too. urinblæra rann over, forresten, og vel så det.

mor mi har tørna galen, og har funne ut at eg skal vera med i hovudprosesjonen i morgon. eg og far min fortvilar, sjølvsagt, sidan me har brukt mykje tid på å finna ut korleis me skal gjera minst mogeleg i morgon. eg er rimeleg misnøgd med at no er det far min og too som får slappa av, medan eg må gå rundt og feira kongar og krigssiglarar og vifta med flagg og eta varme pylser.

ein lei konsekvens av alt dette er at eg ikkje ser anna råd enn å leggja ut dei fire verselinene på hovudmål no i kveld. så langt er eg litt usikker på kven som har teten - onklt har fire rette svar så langt, men har òg åtte galne svar, og det i runde to. sjur mossige har fire galne svar, men det var i runde ein, så eg trur me seier at det så langt er relativt jamt mellom dei to.

her kjem oppgåvene på hovudmål:
1. og noreg ukjende folk fekk sjå
2. og noreg sliten trøytnar av
3. noreg låg som blind og dauv
4. noreg fær auga kvila

lukke til. fristen går ut om ikkje altfor lenge, så det er ingen grunn til å brenna inne med rette eller galne svar.

13.5.07

TEVLING 2

engelsk-kunnskapane til dei som les guffebloggen må vera langt under snittet. her legg eg ut engelske omsetjingar av verseliner frå songar alle kan, men ingen har så langt kome fram til korkje song eller diktar. på hovudmål inneheld alle verselinene ordet noreg. etter fyrste runde er såleis stillinga denne:

1. sjur mossige, 63 poeng

det vert kanskje enklare å kjenna att desse songane når me no presenterer sidemålsversjonane av dei. også denne gongen har far min gjeve meg ei hjelpande hand med omsetjingane:
1. norge fikk se noen fremmede folk.
2. norge var så søvnige at de trettet.
3. der lå norge, med bind for øynene, og med en solid kvast halm i ørene.
4. norge så ikke annen råd enn å hvile øynene litt.

premien er framleis frisk og fin. i'm forever blowing bubbles, forresten.

SUPERSTJERNE

det dukkar stadig opp nye superstjerner i slekta, viser det seg. berre nokre månader etter at tante k stakk av med ein oscar, har tante m no lansert den nyaste videoen sin. viss det er slik at kvar slekt berre får ei avgrensa mengde musikalsk talent, er det ikkje mykje att til oss andre.