9.5.07

TEVLING 1

akkurat no går startskotet for den årlege 17. mai-tevlinga. premien i år er ein saftig pose guffe-mix, innkjøpt på free record shop i københavn for nokre år sidan. alt i posen er i "naturens egne farger", som det heiter på utanlandsk. me andre spør oss kva andre fargar dei skulle ha brukt.

tevlinga i år handlar om verseliner frå den nynorske songskatten. det gjeld om å kjenna att verselinene, og svara med namn på forfattar og song. alle verselinene inneheld ordet noreg. sidan sam kikar innom her av og til, er det ikkje anna råd enn å prøva å auka vanskegraden litt, så i dag legg eg ut dei fire verselinene på engelsk. skulle det vera naudsynt, kjem verselinene på sidemål om nokre dagar, og, dersom det skulle vera bruk for det, kjem linene på originalspråket litt ut på dagen 17. mai. eg vonar eigentleg at ingen greier å svara rett før 17. mai, slik at eg vert nøydd til å halda meg heime den dagen, saman med far min. mor mi står vanlegvis opp tidleg for å kjøpa softis med krokanstrø.

her kjem verselinene, omsett av far min:
1. norway discovered some strangers
2. a worn-out norway fell asleep
3. norway lay there, with a scarf before her eyes, and a huge amount of cotton in her ears
4. norway rests her eye-sight

ikkje uventa er det bra med poeng for fyrstemann som svarar rett, men også andre som svarar rett må nok gjera rekning med at dei går i overskot.

2 kommentarer:

Anonym sa...

Er dette ein variant av kva seier besten? I så fall svarar eg Besten på alle saman.

guffen sa...

godt framlegg, men eg er redd for at me skal fram til forfattarar som er endå meir profilerte enn besten.