
tante k er fyrste norske prisvinnaren sidan thor heyerdahl. me markerer dette med å arrangera eit felles nettmøte, der begge to vil svara på spørsmål frå lesarar og andre. sidan tante k skal kasta ein del glans over hollywood dei neste dagane, vert ikkje nettmøtet før neste måndag klokka 19.30, men dei som vil kan senda inn spørsmål alt no. hugs å ta med kven de stiller spørsmålet til - det ville vera for dumt om tante k vart sitjande med ein haug med spørsmål om kontiki-ekspedisjonen. ho er rett nok stamgjest på kontiki-museet, men likevel.
8 kommentarer:
Er ikkje Thor heyerdahl død likevel?
Spørsmål til tante K:
Du var òg Oscar-nominert i 2002, for filmen "Min bestefar gjette kongens harer". Føler du at du med den nye filmen har teke eit steg vekk frå det Ivo Caprino-stempelet du fekk i 2002?
Kva meiner Thor Heyerdahl om dei bosniske pyramidane?
http://www.bosnianpyramids.org/
Trur du dette vil auke sjansane for å få barnehageplass til Jostein?
Spørsmål til tante t:
Kven er tante k?
Spørsmål til tante K: Er det grammatisk korrekt å seie "You know who you are and I know you who are" i takketalen?
Spørsmål til tante K, viss ho er den eg trur ho er:
Kven er Oscar?
Kva slags støtteapparat har du rundt deg no, Heyerdahl? Det må då vere meir enn ein gåstol?
Legg inn en kommentar