31.1.11

SMØRBUKK

sjå der. mor mi var oppteken av nynorsk skriftkultur alt då (1981). kanskje ikkje like oppteken av anatomi.

men det løner seg altså å kjenna historikaren åt norsk barneblad. det er ingenting som tyder på at han gjer ein grundig jobb. ein annan historikar som eg kjenner (endå betre) meiner at eg kanskje ikkje skal blogga denne barnebladkunsten til mor mi, ettersom det fort kan føra til at nokon saksøkjer heile guffebloggen for kr 75 000 gjennom det amerikanske rettssystemet.

men eg er tøff og tek sjansen. smørbukk forever.

29.1.11

SKILT 6

det er greitt at det av og til vert litt mykje jarle trå i media, men eg synest likevel at le café francais har drege det litt langt.

22.1.11

BESTEN 32

det er ikkje dags for så mykje anna enn ein ny runde med "kva seier besten?". dei nærsynte treng kanskje nokre detaljar: midt i biletet står besto og tviheld på kvart på tolvo, medan besten står ved sida av bilen sin til høgre. biletet er teke i ein av dei mest lugubre delane av b-fjorden, så det er ikkje rart dei passar på det dei reknar for viktig.

men altså: kva seier besten?

11.1.11

SKI

du snakkar meg om. drøymedag på drøymedag, det snøar og snøar heile tida. me målte snødjupna tidlegare i dag, og det nærmar seg fire meter på flata utanfor huset.

dei fleste av oss fresar rundt på ski, sjølvsagt, men for onklT, som gjekk i klasse med ein speidarleiar, er det meir interessant å laga snømenn.

7.1.11

GUFFEBLOGGOMTALE NR. 3

dette heng truleg saman med at onklT på obskurt vis rett før jol greidde å grava fram ein kopi av det særs sjeldne diktet "Rjupa", men likevel: i den offisielle kåringa av dei aller, aller beste bloggane i landet er guffebloggen no oppe på åttande plass.

for tidlegare omtalar, sjå her (nr. 1) og her (nr. 2).

31.12.10

DÅP

det er noko hersens slit med all denne døypinga. same kor mykje slekta slit, greier ein ikkje å fornya sjangeren noko større. det er litt vatn i håret, litt mat, og det er det heile. det minner altså om nyttårsfeiringa, som heller ikkje er noko å trakta etter. også der er programmet klin likt frå år til år, og der vert det like godt avslutta med at alle kastar vekk titusenvis av kroner på rakettar.

bøndene på nordmøre har omsider innsett at det kan vera greitt å få litt fortgang i all denne "festinga", og har difor slege saman to fluer. yngstemann i slekta, jon, vart difor døypt i dag. det gjekk omtrent som venta, bortsett frå at det florerte med vasskoppar og oppkast. og det var før talane kom på bordet.
det heile var altså rimeleg bortkasta. dei må ha vore heldigare, dei som åt heimelaga pizza og knuste eit peparkakehus og spelte dataspel heile kvelden. dei fekk sikkert gå til sengs til vanleg tid òg.

22.12.10

OSLO

typisk. akkurat då me var klare for å setja inn ein sluttspurt for å verta ferdige med alt jolevaset før jol, kom det innkalling til disputas i hovudstaden. me møtte sjølvsagt mannsterke, det er trass alt ikkje kvar dag ein i slekta skal disputera.

på disputasen lærte me litt av kvart. doktoren hadde i fleire år drive nærstudie av seksualundervisninga på landsbygda i nokre tilfeldige utvalde afrikanske land, og fekk endeleg høve til å diskutera dette med nokre nasjonale og internasjonale toppfolk. ho eine brukte til dømes tjue minutt på å få doktoren til å fortelja "who he was". onklT brukte mange av dei minutta til å tenkja på den gongen han vitja nokre galne polakkar i warsawa, og der han fekk det heilt sentral spørsmålet "what things are you interested in most?". dei yngste i doktorfamilien visste det som var å vita om seksualundervisninga i afrika, og nytta heller tida til å bruka opp batteriet på "telefonen" til doktoren.

om kvelden var alle som kjende doktoren samla. dei som ville, tok del i tevlinga "kven kan dikta opp mest positive ting om doktoren". premien gjekk til doktorfrua, som innimellom alt det andre greidde på hevda at doktoren var ein stor poet. greitt at han har skrive teksten til evergreens som "pønken ekje daud" eller "alexander kielland", men likevel.