14.9.08

GUFFEBLOGOMTALE NR. 2

guffeblogomtaleserien kan minna litt om eit teaterstykke av jon fosse - det er ikkje kvar dag det skjer noko, men når det endeleg skjer noko, er det verdt å få med seg. retteleg trugne lesarar hugsar den fyrste guffeblogomtalen, og no, under tre år etterpå, dukkar det pikerten opp ein ny: Her står det: "Dessutan er verdas kanskje mest morosame nynorskblogg komen med: Guffen!"

eg er generelt skeptisk til omgrep som nynorskblogg. ei slik segregering er direkte ufin, det vert omtrent som om, som om ... ja, eg kjem ikkje på noko godt døme akkurat no, men det vert omtrent som noko som ikkje er heilt bra.

11 kommentarer:

kukola sa...

Bra du har stengt ute Frode. Men kva meiner du forresten med: Far min veit kvar du bur". Kva har det å seie? Han og kva hær?

guffen sa...

Far min veit kvar du bur vil seia at far min veit kvar du bur. Eg trur ikkje den norske hæren veit kvar far min bur, men eg skjønar heller ikkje kva det har med saka å gjera.

frode sa...

Vi fann eit smutthol. Berre prøv å stenge meg ute frå denne interessante sida! Vil du, Guffen, at bloggen din skal vera eit reint Helleve-føretak? Du er vel klar over at ein del av onklane dine, he, he.. sto litt for nære då det smalt? Berre Helleve, blir altså eit helvete, for å bruke eit ordrim som eg har funne på sjølv.

guffen sa...

forsiktig, frode. far min veit kvar du bur.

frode sa...

kukola: det heiter "kva her?"

kukola sa...

Kvar er knappen for upassande innlegg? Dessutan heiter det hellevete, som i "I svarte hellevete. Har far min byrja med gardsdrift?"

guffen sa...

kukola: far min driv med frukt, ikkje med gard. han har tre plommetre, men dei potensielle inntektene forsvinn omvendt proporsjonalt med talet på gamle ungdomslag-kjenningar naboen jagar opp i treet.

frode sa...

Eg trur det er nokon som driv og skriv innlegg i mitt namn.

guffen sa...

ja, nokon må det jo vera. eg trudde det var du som gjorde det.

kukola sa...

det er meg

Frode sa...

Takk for at de klåre opp dette, guffen og kikerta.