21.10.06

POSTKASSE #10

den usannsynleg populære kåringa av noregs nasjonalpostkasse held fram, denne gongen med eit foto ein av guffeblogbrukarane har sendt inn. biletet er uventa godt komponert.

reglane er stort sett uendra sidan kåringa tok til. skalaen går frå 10000 poeng (midt i blinken) til 1 poeng (ikkje midt i blinken). kvar og ein kan røysta på same postkasse maks tre gonger, og i slike tilfelle må poengsummane vera større eller mindre eller like store. dei som røyster anonymt kan eigentleg gjera som dei vil; dei som røyster under falskt namn bør skamma seg. dersom nokon kjenner seg i kjempeform, kan dei i tillegg gje postkassene poneg, poegn, peogn, osb.

sidan sist har, ikkje uventa, postkasse #6 styrka leiinga si. stillinga ser slik ut:

postkasse #6: 7356
postkasse #3: 5009,5
postkasse #1: 4906,2
postkasse #9: 3836,3
postkasse #5: 2882
postkasse #2: 2028,3
postkasse #7: 1100
postkasse #8: 667,5
postkasse #4: 17

det har òg kome inn 5343 poneg, og 34 peong.

ny postkasse neste veke, ver sikker.

20.10.06

KOTELETTAR

me hugsar alle at det var uventa brei semje om at det i år passar bra med ei god gamaldags kotelettjol. i heimen har me snakka litt om kor lang tid ein treng for å dyrka fram nokre gode kotelettar, og eg finn det difor på sin plass å koma med nokre tips. alle treng sjølvsagt ikkje like lang tid, dette handlar jo om kor utprega maskulin ein er. eg har difor gjort meg så fri å setja opp eit liste for kor tid dei påmelde bør ta til med sparinga; lista viser altså siste barberingsdato:

dei som truleg ikkje får kotelettar same kor mykje dei sparar, og som difor må bruka mascara-trikset onkel A introduserte med vekslande hell under bartejola for to år sidan:
albert, anna sofie, far min, johannes, jostein og meg sjølv

dei som truleg burde ha teke til med sparinga for eit halvt år sidan:
besto, mor mi, tante k, tante k og tante m

dei som truleg bør starta sparinga i dag:
matias og onkel k

dei som truleg bør starta sparinga ein månad før jol:
onkel a og onkel nr

dei som truleg kan starta sparinga ei veke før jol:
onkel t

dei som truleg kan starta sparinga dagen før:
besten

19.10.06

SVERIGE

eit klart fleirtal av svenske statsrådar har no mist jobben og fått omfangsrike og fargerike fallskjermar, av di dei ikkje har betalt fjernsynslisens sidan sist. eit klart fleirtal av nordmenn som ikkje har betalt fjernsynslisens sidan sist, får panikk og betalar lisens, slik at dei ikkje skal missa ein framtidig statsrådspost.

ut av dette er det greitt å lesa ein vesentleg skilnad mellom svenskar og nordmenn - svenskane tenkjer berre på pengar, medan nordmenn er livredde for å missa jobbane sine.

17.10.06

INNSAMLING

no har eg og mor mi godt samvit. me har nett vore og registrert oss som bøsseberarar til innsamlingsaksjonen komande sundag. me har som vanleg ingen planar om å gje pengar sjølv, men me kan gjerne stå på ein time eller to for at andre skal gje litt. far min var lenge tenkt å vera med, han òg, men han fann ut at det vart for travelt med slike oppgåver midt i permisjonen.

den viktigaste grunnen til at me melde oss, er at pengane denne gongen går til eit godt føremål. tidlegare år har det, som alle veit, vore samla inn pengar til litt meir tvilsame føretak, som heimlause husdyr, folkeaksjonen for større sykkelhjul, landslaget for spelemenn, eller vestmannalaget. denne gongen skal derimot pengane gå til organisasjonen legar mot grenser. med i den organisasjonen er fire-fem dokterar som arbeider for å fjerna alle grenser, sidan det ville fjerna problema med a) smuglarsprit, b) passkontroll, og c) amerikanske invasjonar i land som ikkje har masseøydeleggjande våpen likevel. einaste negative med arbeidsfeltet deira er at dersom dei vann fram, ville taxen forsvinna.

så mor mi og eg står klare sundag, med fleire bøsser i kvar hand. me fekk òg ei grei forklaring på kvifor dei legg innsamlingsaksjonen til nett det tidsrommet då skattelistene ligg framme - me har fått med utskrift av likninga for alle heimane me skal vitja, slik at me kan passa på at alle gjev prosentvis like mykje.

(dette er forresten melding nummer 300 på guffebloggen - tida går. så langt har det kome 344 innspel, altså litt over snittet.)

15.10.06

POSTKASSE #9

det er dags for ei ny postkasse, og no når det stundar mot haust kan det vel passa med ei postkasse der eit insekt har bunde seg ein blomekrans.

reglane i tevlinga er som før. det handlar om å kåra noregs nasjonalpostkasse, og det gjer ein enklast ved å gje postkassene poeng - 10000 for postkasser som for all ettertid kan representera noreg i internasjonale nasjonalpostkassetevlingar, og 1 poeng for postkasser som bør halda seg heime. alle som har tilgang til internett kan røysta, men kvar person kan berre gje poeng til ei og same postkasse maksimalt tre gonger. ved slike høve må poengsummane vera større enn hypotenusen. dei som røyster anonymt kan berre røysta to gonger på same kasse. dei som røyster under falskt namn kan gjera nett som dei vil. dersom nokon vil gje poeng til postkasser som vart presentert for lenge sidan, er det ingenting i vegen for det. i det siste har det òg vorte vanleg å gje poneg til postkassene, utan at eg anar kva som er poenget med det.

stillinga er så langt slik:

postkasse #6: 6012
postkasse #3: 5009,5
postkasse #1: 4906,2
postkasse #5: 2882
postkasse #2: 2028,3
postkasse #7: 1100
postkasse #8: 888
postkasse #4: 17

det er så langt meldt inn 5343 poneg.

14.10.06

BRUASET 9

der ingen skulle tru at nokon kunne bu, del IX:
hardangerbrua

12.10.06

FILMKLUBB

den lokale filmklubben slit med å få ferdig haustprogrammet, men kan no melda at dei snart er tilbake, og at dei vonar å vera i drift i løpet av september. så lenge kan eg rett og slett ikkje venta, og det er difor ikkje anna råd enn å starta min eigen filmklubb.

alle filmane vert viste på småskjerm i gamlevegen, torsdagar klokka ni. programmet denne hausten er sett saman av filmar tante I kjøpte på free record shop i københavn. velkomne kvar og ein.

11. oktober: orkidé-tyven (adaption); spike jonze 2003
18. oktober: ingen film, sidan mor mi er i høyanger og eg er på nordmøre
25. oktober: pretty in pink; howard deutch, 1986
2. november: ingen film, sidan mor mi er på voss og eg er på voss
9. november: the truman show; peter weir 1998
16. november: fuglane (zywot mateusza); withold leszcynski 1968
23. november: this is spinal tap; rob reiner 1984
30. november: the rutles; gary weis & eric idle 1978
7. desember: mifunes siste sang; søren kragh-jakobsen 1999
14. desember: malcolm x; spike lee 1992
21. desember: a place in the sun; george stevens 1951

programmet kan på kort varsel endrast, slik at det i staden vert vist ein eller annan film av coen-brørne, ein marx brothers-klassikar, eller nokre episodar av the office eller seinfeld.