15.10.06

POSTKASSE #9

det er dags for ei ny postkasse, og no når det stundar mot haust kan det vel passa med ei postkasse der eit insekt har bunde seg ein blomekrans.

reglane i tevlinga er som før. det handlar om å kåra noregs nasjonalpostkasse, og det gjer ein enklast ved å gje postkassene poeng - 10000 for postkasser som for all ettertid kan representera noreg i internasjonale nasjonalpostkassetevlingar, og 1 poeng for postkasser som bør halda seg heime. alle som har tilgang til internett kan røysta, men kvar person kan berre gje poeng til ei og same postkasse maksimalt tre gonger. ved slike høve må poengsummane vera større enn hypotenusen. dei som røyster anonymt kan berre røysta to gonger på same kasse. dei som røyster under falskt namn kan gjera nett som dei vil. dersom nokon vil gje poeng til postkasser som vart presentert for lenge sidan, er det ingenting i vegen for det. i det siste har det òg vorte vanleg å gje poneg til postkassene, utan at eg anar kva som er poenget med det.

stillinga er så langt slik:

postkasse #6: 6012
postkasse #3: 5009,5
postkasse #1: 4906,2
postkasse #5: 2882
postkasse #2: 2028,3
postkasse #7: 1100
postkasse #8: 888
postkasse #4: 17

det er så langt meldt inn 5343 poneg.

4 kommentarer:

mor sa...

Eg synest både blomster og insekt er fine, så denne får 5000 poeng, ingen poneg.

mor sa...

Eg synest både blomster og insekt er fine, så denne får 5000 poeng, ingen poneg.

mor sa...

Eg synest både blomster og insekt er fine, så denne får 5000 poeng, ingen poneg.

Frode sa...

Føy, kva slags bærbuske er dette? Bringebær? Jordbær? Kvar er i såfall dei umodne bæra. Nei, dette er idyllisering av røyndomen. 345 poeng frå meg. Og 34 peong.