11.10.06

POSTKASSE #8

grunna ekspedisjonen til københavn vart det ikkje lagt ut noko ny nasjonalpostkassekandidat denne sundagen, men no er endeleg ei ny postkasse klar. denne er, slik det framgår av klistremerka og dei interessante namna, trygt plassert i københavn.

det har kome inn mange stemmer sidan sist, også på postkasser som har vore presenterte tidlegare. stillinga har difor endra seg, men mykje kan framleis henda i denne ekstremt spanande tevlinga.

reglane skulle vera kjende, men kortversjonen er at alle nettbrukarar i heile verda har høve til å røysta på postkassene. skalaen går frå 1 poeng (ueigna til å vera nasjonalpostkasse) til 10 000 poeng (heller godt eigna til dette oppdraget). kvar og ein kan berre gje poeng til ei og same kasse tre gonger, men røystetale må då vera sirkulære. dei som røyster anonymt kan berre røysta på same kasse to gonger.

stillinga så langt:
postkasse #6: 6012
postkasse #3: 5009,5
postkasse #1: 4906,2
postkasse #5: 2882
postkasse #2: 2028,3
postkasse #7: 1100
postkasse #4: 17

nokre brukarar har oppmoda meg om å laga ein ponegoversikt, og det kan eg godt gjera. så langt har postkassene skrapa saman 1876 poneg.

2 kommentarer:

Anonym sa...

Informativ og funksjonell postkasse. Det set eg pris på.

Men eg trudde dette var ei tevling for å finne den norske nasjonalpostkassa? Eg tok vel feil. Men uansett minuspoeng for mange språkfeil, slik som "nej" og "tak"

888 poeng, 3 gonger.
dessutan 3467 poneg.

Anonym sa...

Ein danskje? Køyr nå nid! 6 poeng.