20.1.10

iNYTT

det er travle tider i downloadingbransjen i kvitahuset. både mor mi og far min har kjøpt seg noko som heiter noko på i, og flyttar musikk dei elles aldri høyrer på frå cd-samlinga til desse nye apparata. det går utover det meste elles i huset - det er tre dagar sidan me fekk middag, og oppvasken har stått roleg omtrent like lenge.

dei siste som vaska opp var nokre vitjarar frå austlandet. dei tok tog hit, og togreisa tok så lang tid at det diverre ikkje vart tid til noko anna enn å sjå rådgjevarkontoret til mor mi, drikka ein dobbel macchiato to go, klatra litt på garasjetaket, og eta litt pottittgull og drikka litt raudvin. diverre var ikkje toget deira heimatt forseinka, slik at det vart ståande att ikkje så reint få brukte glas.

av anna nytt kan me melda om at besten og besto i dag har kasta ut det slagskipet av ein fryseboks som har stått i kjellaren i brunahuset. fryseboksen er ein electrolux maxi, ca 25 000 liter stor, og står no til spott og spe utanfor kjellardøra. naboane stilte mannssterke, og bra var det.

11.1.10

KALDT

det har vore heller kjøleg dei siste dagane, til og med far min har funne fram stillongsen. til alt hell har besten, på heller eige initiativ, lagt seg til ein vane der han kvar ettermiddag fyrer opp i omnen i kvitahuset. det gjer det heile meir leveleg for opptil fleire av oss.

ikkje uventa er mor mi den som slit mest med kuldegradene. verst av alt er det dei gongene ho må ta turen ned i kjellaren. vekedagane går det greitt, då går ho på do medan ho er på "arbeid", men i helgene er det ingen veg utanom. dei korte turane dit gjev inntrykk, og ho har no teke i bruk eit av dei sterkaste verkemidla som finst i samfunnet i dag, og har oppretta ei facebook-gruppe. dermed skulle det problemet vera ute av verda.

4.1.10

NYTTÅR

dette er kanskje den aller verste dagen i året. ein kan knapt visa seg utan at ein eller annan kjem opp til deg og seier 'godt nytt år'. alle skjønar vel at ei slik helsing ikkje påverkar året som kjem? og viss ein seier det berre av di ein vil verka sympatisk, eller interessert, eller begge delar - kvifor seier ein ikkje då 'god tur' når nokon skal ut på tur? eller 'god appetitt' når ein set seg til bords? eller 'god natt' når ein skal leggja seg? verda er merkeleg, og det går galne vegen.

jola var som vanleg ei vanleg oppleving, men me fekk køyrt ein del bil, langs den vante ruta på vestlandet. i nord var det stor stemning og mykje mat, slik det oftast er. me leika i snoen, og gjekk litt på ski, og tok like godt ein tur eit badeland ved atlanterhavsvegen, slik at onkel A og tante B kunne læra oss litt om korleis me skal stela symjebriller frå små ungar.

i nyehuset til besten og besto var det så varmt at det ikkje gjekk av å få sova. både eg og halv ellevo prøvde etter beste evne, men det var aldeles uråd. då var det godt å koma heim til kvitahuset, der det er litt dårlegare stelt med varmegradene. kvelden me kom att la me saman varmegradene i alle roma, og kom likevel ikkje opp på temperaturen besten har i stova si.

25.12.09

NAMN

onkel NR og tante K vert foreldre igjen ut på våren neste år. det vert ein ny gut, slik skikken er i denne slekta, og ikkje uventa er dei alt i gang med drøftingar om kva namn guten skal få. så langt har dei ikkje greidd å semjast, og jolegåva deira til guffebloggen var difor at namnet til guten skal avgjerast gjennom ein enkel røysterunde her.

dei har sjølve nokre framlegg til namn, men før me dreg i gang avrøystinga, er alle velkomne til å koma med eigne framlegg. fristen for å koma med slike framlegg går snart ut.

dei har sjølve kome med desse framlegga:
* frode
* rasmus
* nils
* nils aslak
* nils asle
* nasle
* nasle nøff

21.12.09

DØR

i filmverda har dei eit godt utval spesiallaga rekvisittar. der finst til dømes spesiallaga glasruter, som ein kan kasta skodespelarar gjennom, utan at dei slår seg. der finst òg spesiallaga dører, som ein kan kasta skodespelarar gjennom, utan at dei slår seg. Desse er oftast laga av isopor, og har difor få av dei eigenskapane som gjer ei god dør til ei god dør.

for nokre år sidan hadde dei ryddesal på rekvisittlageret til norsk film. besten var ute og gjekk i nabolaget, og tusla like godt innom for å sjå om der var nokre godbitar. han stussa litt over den låge prisen på dørene deira, og merka seg òg at dørene var rimeleg lette. men sidan han trong ei ny dør til inngangspartiet på kvitahuset, som på den tida var utlånt til ein hardt arbeidande bilmekanikar frå nabolaget, kjøpte han med seg ei dør.

den døra står framleis i kvitahuset, og ho er god å ha no når nettene er lange og vinterkulda har sett seg inn. me treng til dømes ikkje termometer - viss det er minusgrader ute, ligg det eit lag med is på det indre dørhandtaket. og viss me dreg inn sno i gangen, vert han liggjande der til neste veromslag, slik at me treng vel heller ikkje kjøleskap. besten gjorde såleis ikkje berre eitt røvarkjøp då han kjøpte ny isopordør, han gjorde tre røvarkjøp.

15.12.09

NORHEIMSUND

no i helga var kvart over tio og onklT i oslo. mor mi og eg hadde planar om ei drøymehelg, med ekstreme mengder stearinljos, ein jamn og fin straum av jolemusikk, og ei lett blanding av teiknefilmar på dvd og ein liten joleverkstad.

slik gjekk det ikkje. ei gamal tante til mor mi ringde og lurte på om me ikkje kunne ta turen til norheimsund. då kunne me plukka med oss ei jolegåve, slik at dei sparte kroner 15,50 presis. mor mi er ikkje den lettlurtaste i landet, men takka likevel ja, slik at dagen gjekk med til bilkøyring, eting og drikking, og ein del kritiske merknader til dialekten min.

dei to som var i oslo hadde det stort sett greitt, bortsett frå at vogna gjekk til pisis, og bortsett frå at det digitale kameraet gjekk til pisis, og bortsett frå at alt det andre stort sett gjekk til pisis, det òg.

4.12.09

600

det er jubileumstid igjen. dette er melding nummer 600, og som vanleg er nivået uventa høgt. til liks med andre milepælar er denne passeringa eit godt høve til å reflektera over kva eg har fått gjort dei åra eg har blogga. eg trur ikkje det er å ta for hardt i å seia at eg har sett dagsorden i ei rekkje saker, eg har friska opp den gode samtalen, og eg har fjerna toppen bech frå norsk fjernsyn.

likevel er der to uoppklarte saker som tyngjer meg sterkt.

I. for nokre veker sidan fann me ein sjokolade utanfor flesland flyplass. den rette eigaren har enno ikkje meldt seg, men det kan vedkomande godt gjera - alt som trengst er at du fortel kva slags sjokolade det var. eh - er.

II. før me flytta frå sunnmøre selde me nokre godbitar frå samlinga på auksjon. kan "Frode" snart betala dei 50 kronene han skuldar for sippahen og fluffen?

dei 599 fyrste meldingane har fått 1672 innspel, eller 2,79 innspel pr melding. det er ikkje langt unna hypotenusen.

andre jubileum: 500 400 300 200 100