17.10.06

INNSAMLING

no har eg og mor mi godt samvit. me har nett vore og registrert oss som bøsseberarar til innsamlingsaksjonen komande sundag. me har som vanleg ingen planar om å gje pengar sjølv, men me kan gjerne stå på ein time eller to for at andre skal gje litt. far min var lenge tenkt å vera med, han òg, men han fann ut at det vart for travelt med slike oppgåver midt i permisjonen.

den viktigaste grunnen til at me melde oss, er at pengane denne gongen går til eit godt føremål. tidlegare år har det, som alle veit, vore samla inn pengar til litt meir tvilsame føretak, som heimlause husdyr, folkeaksjonen for større sykkelhjul, landslaget for spelemenn, eller vestmannalaget. denne gongen skal derimot pengane gå til organisasjonen legar mot grenser. med i den organisasjonen er fire-fem dokterar som arbeider for å fjerna alle grenser, sidan det ville fjerna problema med a) smuglarsprit, b) passkontroll, og c) amerikanske invasjonar i land som ikkje har masseøydeleggjande våpen likevel. einaste negative med arbeidsfeltet deira er at dersom dei vann fram, ville taxen forsvinna.

så mor mi og eg står klare sundag, med fleire bøsser i kvar hand. me fekk òg ei grei forklaring på kvifor dei legg innsamlingsaksjonen til nett det tidsrommet då skattelistene ligg framme - me har fått med utskrift av likninga for alle heimane me skal vitja, slik at me kan passa på at alle gjev prosentvis like mykje.

(dette er forresten melding nummer 300 på guffebloggen - tida går. så langt har det kome 344 innspel, altså litt over snittet.)

Ingen kommentarer: