11.10.06

SJOKOLADE

det kjem eit referat frå københavnturen seinare i dag, men denne meldinga hastar det med å få ut. på veg til parkeringsplassen på flesland i går fann mor mi ein sjokolade på fortauet. me tok denne med, sjølvsagt, men har ikkje opna han enno. dersom nokon har mist ein sjokolade i fleslandsdistriktet den siste veka, kan dei senda melding om det hit. eg er relativt lettlurt, men ikkje så lettlurt at eg sender sjokoladen til kven som helst - det må sjølvsagt vera til ein som veit kva sjokolade det er snakk om. så den fyrste som sender rett sjokoladenamn hit får sjokoladen i posten.

4 kommentarer:

OnklT sa...

rett sjokoladenamn hit

Guffen sa...

tett på, men dersom eg spekulerte i så dårlege vitsar, burde du vel skrive "rett sjokoladenamn"? uansett vil ikkje slike tafatte framlegg nå opp her - eg er lettlurt, men det får vera grenser.

Gølik sa...

OnklT bør skamme seg

OnklT sa...

Vink farvel til jolegåva di.